star
star
star
star
star

Grøndalen - Egga Rundtur

Følg den merka stien frå Grøndalen og opp mot Stølsvatnet. Når du kjem til Øvste Skora (legda før Stølsvatnet) svingar stien vestover og opp på Djupedalen. Denne stien er vanskeleg å finne for den...

Praktisk info

Enjoy-kode: 856956
Kjør fylkesveg 544 til Grøndalen i Norddalsfjord
Type
Turer
Passer for
Eldre, Ungdom, Barn, Voksne
Varighet
6 timer
Lengde
7.3 km
Vanskelighetsgrad
Krevende
Sesong
Sommer, Høst
Kilde
Nasjonal Turbase/UT.no

Sponsede linker

Omtaler

Turbeskrivelse

Følg den merka stien frå Grøndalen og opp mot Stølsvatnet. Når du kjem til Øvste Skora (legda før Stølsvatnet) svingar stien vestover og opp på Djupedalen. Denne stien er vanskeleg å finne for den er ikkje brukt lenger. Første stykke går ein på lyng og grasbakke og vidare opp eit berg før ein kjem opp Djupedalen. Vidare skal du gå over 3-4 legder, og så skal du følgje bergryggen bratt oppover til du kjem på Egga 1 077 moh. Etter kvart som du kjem høgare opp, vert det flott utsikt nedover Neste Grøndalsvatnet og Sunndalsvatnet. Frå Egga er det flott utsikt i alle himmelretningar. Her ser ein vest i havet og innover Blåbreen. Herfrå går turen sørover og nedover mot Dyrebotsnipa. Vi følgjer bergryggen nedover til ca 800 moh. Her kan ein gå austover og ned lia og komme ned til Grøndalen att. Bratt li med mykje krattskog. Her er det ikkje godt å gå. Ingen gode stiar, men her er mange dyretråkk. Ein kan og velgje å gå opp mot Dyrebotsnipa og gå ned dei slette berga. Det er ein bratt nedtur på berg. Siste stykke ned til Grøndalsvatnet går i skog og barmark. Ein går mykje på fjell på denne turen.

Kan også gå turen som skitur.

Turen er teikna inn og er ei rettesnor