star
star
star
star
star

Grimeland - Skogstadfjellet

Skogstadfjellet Fjellet ligg i Angedalen, på sørsida, og grensar såleis mot Jølster. Toppen er på 727 moh. og kan nåast frå flere utgangspunkt. Kortaste ruta er frå Grimeland. Du kan parkere i...
Foto: Kjell-Arne Hjelbrekke

Bilder

Praktisk info

Enjoy-kode: 489077
Frå Førde køyrer du Angedalsvegen, Fv481, til Angedalen skule. Ta av til høgre, over elva og følg deretter vegen mot venstre ved skulen, over Grimelandshaugen og litt nedover attende mot Førde.
Type
Turer
Passer for
Ungdom, Voksne, Eldre, Barn
Varighet
2 timer
Lengde
2.9 km
Vanskelighetsgrad
Middels
Sesong
Vår, Sommer, Høst
Kilde
Nasjonal Turbase/UT.no

Sponsede linker

Omtaler

Turbeskrivelse

Skogstadfjellet

Fjellet ligg i Angedalen, på sørsida, og grensar såleis mot Jølster. Toppen er på 727 moh. og kan nåast frå flere utgangspunkt. Kortaste ruta er frå Grimeland. Du kan parkere i vegkanten øverst på Grimland, utkøyring/grusplass ved offentleg veg.

Første stykket går på gamal traktorveg , vekslar mellom litt ope terreng og granskog. Etter ca 1 km går ein av vegen og inn i eit granfelt på ein gamal sti, men her er åpent og lett å gå. Nett der granskogen sluttar kjem ein til ei gamal stølstomt (Hogastølen) og her er det fint å ta ein liten pause. Her finn du og rennende vatn. Videre følger ein dalsøkket ovanfor (sørlege sida) slakt oppover, mot Tynninga, til det nesten vert flatt. Så svinger ein nitti grader til venstre og startar på den bratteste delen av turen.

Ein går nokre svingar i litt ulent terreng til ein kjem opp på ryggen (ny-merka sti). Vel oppe på kanten er den beste stien mot toppen på sørsida av ryggen. Ein kan også gå oppover ryggen utanom stien. Ďet ligg ein varde på ein stor stein på venstre sida, mot Angedalen, men la deg ikkje lure. Dette er eit fint utsiktspunkt, men er ikkje toppvarden . Du er nesten ved målet, gå nokre hundre meter til og du ser den fine runde varden som er topp-punktet. Ruta er merka frå hovudvegen til ein kjem opp på¨kanten av ryggen.