Gratis og uforpliktande verdivurdering // Fjalerhallen

GRATIS OG UFORPLIKTANDE VERDIVURDERING Nokre-og-førti år gamle Hanne bur saman med Andreas og to små born i ei leilegheit som ho vil seie er perfekt for studentar eller einslege. Så dukkar...
15.feb
2022
kl 18:30

Detaljer

GRATIS OG UFORPLIKTANDE VERDIVURDERING

Nokre-og-førti år gamle Hanne bur saman med Andreas og to små born i ei leilegheit som ho vil seie er perfekt for studentar eller einslege.

Så dukkar draumehuset i sjølve draumegata opppå finn.no.Hanne har studert nabolagsprofilane for heile byen, og ingen har betre nabolag enn her. Det er ein ressurssterk bydel med godt utbygde idrettsanlegg og ein høgandelsosialistiske veljarar. Dei tenker ikkje berre på seg sjølve her, nei!

Viss dei berre får kjøpt det huset, skal ho starte dagen i treningsklede. Ho kjem til å bli så sprek at ho har overskot til alle. Heilt umerkeleg vil ho smelle saman ei røre og servere sveler til alle ungane, og naboane vil vere så gode venner at det er naturleg å ha grillfest saman. Og viss ho berre finn den rette eigedomsmeklaren, vil dei ikkje då få betre takst på leilegheita og «ja» til nytt huslån?

Vi følger Hanne og Andreas i dagane fram motbodrunda. Fleire spørsmål melder seg: Kven er det som eigentleg har dratt lasset i alle desse åra? Er lengten etter draumehuset like mykje eit forsøk på å få forholdet til å henge saman? Og kva konsekvensar får fortidas små og store svik for den viktige avgjerda som ligg framfor dei?

«Gratis og uforpliktande verdivurdering» er basert på boka til Marit Eikemo, ein knakande god pageturner om moderne, norsk kvardagsliv.

Kunstnarleg lag

ForfattarMarit Eikemo DramatikarMari Hesjedal RegissørLinn Meyer Kongshavn Scenograf og kostymedesignarMari Lotherington KomponistMarianne Stranger LysdesignarKrystian Myska DramaturgMiriam Prestøy Lie Ansvar for scenisk språkovergangTerje Lyngstad

Medverkande

Idun Losnegård Kyrre Eikås Ottersen Carina Furseth Peder Lauvås

Framsyningslengd: 1 time og 30 min

TRYGT TEATERBESØK:

Teater Vestland følger myndigheitene sine forskrifter og retningslinjer for å skape eit sikkert miljø for publikum og tilsette. Når du besøker teateret ber vi deg om at du:

  • Held god avstand til andre besøkande

  • Følgjer retningslinjene for inn- og utgang

  • Er nøye med hand- og hostehygiene

  • Ikkje besøk teateret dersom du er har luftvegssymptom eller sit i karantene.

Praktisk info

Enjoy-kode: 143395
Type
Scene
Passer for
Eldre, Voksne, Ungdom
Kilde
TicketCo

Sponsede linker

Tilgjengelige billetter

I samarbeid med TicketCo