Aktuelle alternativer
Detaljer
Glesværløpet!
Bli med på det årlege Glesværløpet i haustprakt og god stemning søndag 29. oktober!
Løypa er 4.3 km og går rundt i kystmiljøet på Glesvær mellom gamle naust, på velbrukte gardsvegar, litt asfalt og litt sti. Løpet starter og ender ved Glesvær kafè. Deltakarpremiar og trekking av premiar. Turtipp frå Sotra Øygarden turlag.
Startkontingent Konkurranseklasse: Vaksen kr. 150,- Ungdom kr. 100,- (t.o.m 15 år)
Startkontingent Turklasse: Vaksen kr. 70,- Barn kr. 50,- (t.o.m 15 år)
Frå kl. 11.15 Utlevering av startnr. i naustet til Bakke ved Glesvær kafe: Kl 12.00 START: Turklasse (start gjerne litt tidlegare om du treng ekstra god tid ). Kl 12.45 START: Konkurranseklasse Ungdom (t.o.m 15 år) Kl 13.00 START: Konkurranseklasse Vaksne
Sjekk kart på nettstaden vår: http://glesnesungdomslag.no/aktivitetar/glesvaerloepet/
Glesværløpet er eit samarbeid mellom Glesnes ungdoms- og idrettslag, Sotra Øygarden Turlag og Handelstaden Glesvær. Løpet er sponsa av Glesvær rorbu, Glesvær kafè, Sotra fiskeindustri, Bogen fiskeri AS
Alle arrangementa til ungdoms- og idrettslaget er basert på frivillig innsats. Ta gjerne kontakt om du ønskjer å vere med.