star
star
star
star
star

Glæra. Gammal setreveg mellom Jøl bru og Skjerdingsdalssetra

Ein fin tur i mektig natur. Ein går på gammal setreveg fra Jøl bru til Skjerdingsdalssetra. Deler av denne vegen er sprengt ut av fjellet slik at det skulle være enklare for bøndene å få dyra til...
Foto: Bodil Dybevoll

Bilder

Praktisk info

Enjoy-kode: 171895
Køyr RV 15 mot Strynefjellet. Når ein har køyrt gjennom den første tunellen kjem ein til Skjerdingsdalssetra. Der er det stor parkeringsplass like ved riksvegen. Om ein ikkje vil gå både fram og tilbake må ein ordne med skyss.
Type
Turer
Passer for
Barn
Varighet
1 time
Lengde
4.8 km
Vanskelighetsgrad
Enkel
Sesong
Sommer, Høst
Kilde
Nasjonal Turbase/UT.no

Sponsede linker

Omtaler

Turbeskrivelse

Ein fin tur i mektig natur. Ein går på gammal setreveg fra Jøl bru til Skjerdingsdalssetra. Deler av denne vegen er sprengt ut av fjellet slik at det skulle være enklare for bøndene å få dyra til seters. Ein går på fin rås/sti. Det er høge fjellsider på oppsida og bratte skrenter og djupe jøl på nedsida. Likevel enkelt å gå der. Langs vegen ser ein tydelege spor etter tidleare tiders arbeid med å mure opp vegen. Turen er knappe 5 km. Den kan gåast både fra Jøl bru og fra Skjerdingsdalssetra. Starter ein på setra får ein berre unnabakke. Råsa ut fra setra kan være vanseleg å følge første stykke, pga av beitande dyr som trakker ut råsa. Ta sikte på ei bru i botnen av dalen. Kryss elva ved den brua og da er det fin sti. Turen bør ikkje gåast for tidleg på året da det ligg snøfonner ca halvvegs. Når det er store nedbørsmengder og vått kan det være fare for steinsprang. Barn kan godt gå denne turen, iallefall alternativet som går unnabakken. Pass godt på dei der det er høgt utføre.