star
star
star
star
star

Gladihaug rundløype

Gladihaug (430 moh.) Heilt sør i Lindås kommune ligg Gladihaug, som er eit av dei høgaste fjella i den låge delen av Nordhordland. Det er eit godt utbygd løypenett i området, og ynskjer du ein...
Foto: Per Ole Ekker

Praktisk info

Enjoy-kode: 866296
Turen startar ved parkeringsplassen i Hopsdalen (ta av frå E39 mot Hillesvåg og deretter mot Hopsdal). Det er også mogleg å gå frå Knarvik, Seim, Hjelmås og Leiknes.
Type
Turer
Passer for
Barn
Varighet
2 timer
Lengde
3.5 km
Vanskelighetsgrad
Middels
Sesong
Vår, Sommer, Høst, Vinter
Kilde
Nasjonal Turbase/UT.no

Sponsede linker

Omtaler

Turbeskrivelse

Gladihaug (430 moh.)

Heilt sør i Lindås kommune ligg Gladihaug, som er eit av dei høgaste fjella i den låge delen av Nordhordland. Det er eit godt utbygd løypenett i området, og ynskjer du ein noko lengre tur, kan du gå vidare frå Gladihaug til Krossane (398 moh.) Turen til Gladihaug tar kring éin time éin veg frå Hopsdal. Det er lagt ut turbok på toppen av Gladihaug.

Turen er del av "15 turar i Alver" som startar 9 mai og held på til 20 okt 2018.