star
star
star
star
star

Gjertvasstind frå Skogadalsbøen

Flott, men litt krevande, tur til Noregs niande høgaste fjell (2351 moh). Start på Skogadalsbøen og følg stien mot Turtagrø. Kort tid etter ein kryssar Utla, ta sti sørover ut Utladalen. Deretter går...
Foto: Olav Kjell Moen

Bilder

Praktisk info

Enjoy-kode: 581923
Skogadalsbøen ligg cirka 5 timar frå bilveg ved Sognefjellshytta. Løypa er DNT-merka.
Type
Turer
Passer for
Barn, Eldre, Voksne, Ungdom
Varighet
10 timer
Vanskelighetsgrad
Ekspert
Sesong
Sommer, Høst
Kilde
Nasjonal Turbase/UT.no

Sponsede linker

Omtaler

Turbeskrivelse

Flott, men litt krevande, tur til Noregs niande høgaste fjell (2351 moh). Start på Skogadalsbøen og følg stien mot Turtagrø. Kort tid etter ein kryssar Utla, ta sti sørover ut Utladalen. Deretter går turen av stien opp lia mot Gjertvasstind. Ved ca 1900 moh er det eit kortare klyveparti der ruta er merka med ein serie vardar. Litt luftig. Følg ryggen oppover mot toppen. Rett under toppen er det bratt og luftig, her kan det vera nyttig med stegjern og isøks avhengig av forhold. Toppen byr på 360 graders utsikt over store delar av Jotunheimen, og eit panorama mot Hurrungane.

Ruta er ca 10 km lang, éin veg, med 1600 høgdemeter stigning.