star
star
star
star
star

Gjelle (Voss) til Torfinnsheim ( Over Gråsida )

Turen over Gråsida er ein lang tur på ca 20 km. Voss Utferdslag har T-merka sti frå Gjelle til Torfinnsheim. Stien startar ved saga på Florshaugen, går til Roset, og derifrå opp på Sandfjellet til...

Praktisk info

Enjoy-kode: 127076
Frå Hodnaberg treng ein privat transport tilbake til Voss. Ein kan starte turen med å i frå Voss sentrum til Hodnaberg.
Type
Turer
Passer for
Voksne
Varighet
7 timer
Lengde
18.4 km
Vanskelighetsgrad
Krevende
Sesong
Sommer, Høst
Kilde
Nasjonal Turbase/UT.no

Sponsede linker

Omtaler

Turbeskrivelse

Turen over Gråsida er ein lang tur på ca 20 km. Voss Utferdslag har T-merka sti frå Gjelle til Torfinnsheim. Stien startar ved saga på Florshaugen, går til Roset, og derifrå opp på Sandfjellet til Pili. Her deler stien seg. Eine stien går opp mot Gråsidetoppen (1307 moh.) medan den andre går bak tjørnane. Eit lite stykke før Timaglaset finn ein stikrysset til DNT hytta Nansenbu. Den T-merka stien går så mot Timaglaset, den karakteristiske store steinen som Voss Utferdslag nyttar i logoen sin. Vidare går stien langs Slåttebakkatjørni og forbi minneplata over dei fire som omkom under henting av reinsdyrkjøt hausten 1950. Stien går så oppe i fjellsida ovanfor Torfinnsvatnet, ned Kuslafjøra og bort til hytta Torfinnsheim. Herifrå har ein mange fine turmoglegheiter i Hodnaberg-området. Vinterruta over Gråsida vert kvista i mars månad.