star
star
star
star
star

Gjelbrue

Stig frå Dønfoss til Tundragjelet og Brumillom i Skjåk. Stigen startar ved informasjonsutstillinga for Breheimen nasjonalpark ved Bruvoll Handelslag på Dønfoss. Gå 20 m frå parkeringsplassen ved...

Praktisk info

Enjoy-kode: 884961
Køyr av Rv.15 ved Dønfoss i Skjåk til Bruvoll Handelslag og parker på plassen til venstre for butikken.
Type
Turer
Passer for
Voksne, Barn, Eldre
Varighet
1 time
Lengde
4.5 km
Vanskelighetsgrad
Enkel
Sesong
Vår, Sommer, Høst
Kilde
Nasjonal Turbase/UT.no

Sponsede linker

Omtaler

Turbeskrivelse

Stig frå Dønfoss til Tundragjelet og Brumillom i Skjåk. Stigen startar ved informasjonsutstillinga for Breheimen nasjonalpark ved Bruvoll Handelslag på Dønfoss. Gå 20 m frå parkeringsplassen ved Bruvoll Handelslag på Dønfoss til start for skiløypa. Følg skiløypa i 1,6 km i lett terreng, før du går til høgre og 0,9 km i furuskogen gjennom eit hogstfelt. Du kjem ut på ein skogsveg på Tundramoen.

Viss du går mot høgre, kan du følgje raude merker på ei runde på Tundramoen og komme inn att på stigen til Gjelbrue seinare.

Følg skogsvegen oppover mot venstre og sørvest. Etter 650 m på vegen passerar du ei nyleg brukt tjyrumile. Følg skogsvegen til enden etter 0,9 km. Her kjem stigen frå runden på Tundramoen inn att på stigen til Gjelbrue. No går du vidare på stig opp til Gjelbrue over Tundra i Tundragjelet. Viss du vil fotografere gjelet med fossen, må du vere varsam på kanten. I vått vær, kan reinsmosa vere glatt. Stigen held fram til du kjem på grusvegen forbi Brumillom og Tundraskriu.

Attende til Dønfoss, kan du følgje grusvegen ned forbi Brumillom og på bru over Åstri til Fv.486 Dønfoss-Bråtå-Sota. Avstanden er 4,7 km.

Du kan også gå vidare opp grusvegen til venstre og følgje denne 200 m til Tundraskriu. Her startar stigen opp på Buanose.