star
star
star
star
star

Gjegnabu til Gjegnet Blånibba / Gjegnen

Dette er ein uvanleg flott dagstur som berre bør gåast i klårt vær. Ruta er delvis merka og varda i starten frå Gjegnabu. Frå hytta går ein i austleg retning anten over isen i på nordenden av vatnet,...

Praktisk info

Enjoy-kode: 834634
Sjå rutebeskriving til Gjegnabu
Type
Turer
Passer for
Voksen
Varighet
4 timer
Lengde
6.4 km
Vanskelighetsgrad
filters.difficulty.options.krevende
Sesong
Sommer, Høst
Kilde
Nasjonal Turbase/UT.no

Sponsede linker

Omtaler

Turbeskrivelse

Dette er ein uvanleg flott dagstur som berre bør gåast i klårt vær. Ruta er delvis merka og varda i starten frå Gjegnabu. Frå hytta går ein i austleg retning anten over isen i på nordenden av vatnet, eller i fjellet nord for vatnet. Frå nordaustdelen av vatnet (1.147 moh) går ein nordaustover opp eit lite søkk, og så i om lag same retning nedover mot søkket i fjellryggen aust for X-vatnet. Retning mot den nedre delen av Gjegnalundsbreen ( på venstre sida av første høgda ). Frå søkket oppover att til like aust for topp 1.106 på venstre side av brearmen frå Gjegnalundsbreen. Mot nord er det no ein bratt fjellrygg som må rundast anten mot høgre eller mot venstre.

Mot høgre går ein over den nedre delen av Gjegnalundsbreen. Her må ein gå i tau ( ligg på Gjegnabu ) og ofte må ein ha broddar eller stegjern. Oppover breen går ein først i nordnordaustleg retning. Lenger oppe dreiar ein vestleg og opp på fjellryggen som fører til toppen. Mot venstre og bortover ei hylle til venstre for den bratte fjellryggen, kan ein berre gå viss snøtilhøva gjer det forsvarleg. Dvs at snøen ikkje dekker heile hylla, men når det er ein snøfri passasje til venstre for snøen på hylla som gjer at ein kan gå der. Etter at denne hylla er passert, må ein vurdere snøtilhøva for å sjå kvar ein skal gå ( til venstre, høgre eller rett fram ) for etter kvart å kome opp på ryggen mot toppen. Frå toppen, 1 670 moh, er det eventyrleg utsikt! Frå toppen ser ein to markete vardar, ein mot nord og ein mot vest, begge om lag 500 m unna. Dersom ein har tid nok, og været er fint, vert det sterkt tilrådd å ta turen bortom begge desse vardane, eventuelt berre den mot vest. Varden mot nord står nær stupet mot nord. Varden mot vest står på toppen av det 1.100 meter høge stupet mot Bjørndalsvatnet. Der kan ein gå ut på ein ”preikestol” som stikk ut av fjellsida. Luftig og imponerande, men heilt ufarleg når det er snøfritt og tørt fjell.

Ruta er fin å gå på ski også. Då går ein alltid over Gjegnalundsbreen, som er trygg å gå når det er snø nok, og ein må halde seg unna dei bratte stupa aust, nord og vest for toppen.