Giskespelet 2024

Igjen har vi gleda av å ønskje vel møtt til sommarens vakraste eventyr på historiske Giske. Med premiere torsdag 20.06.24 og førestillingar laurdag 22. og søndag 23.06. riggar vi no Giskeøya for å...
20.jun
-
kl 18:00

Detaljer

Igjen har vi gleda av å ønskje vel møtt til sommarens vakraste eventyr på historiske Giske. Med premiere torsdag 20.06.24 og førestillingar laurdag 22. og søndag 23.06. riggar vi no Giskeøya for å igjen snart gå 1000 år attende i tid. Vi ønsker også vel møtt til vår nye regissør og dramatiker, Rolf Kristian Larsen, kjend frå mellom anna Tv-seriane Lykkeland og Heimebane. I anledning speldagane, har vi også denne gongen satt av fredagen til å dykke lenger ned i historia vår, med ein eigen historiekveld i Giske kyrkje. Ikkje gå glipp av dette, men sikre deg billett allereie no. Nytt for i år er at vi også har eit eige Spelpass. For dei som ønskjer å få med seg meir enn ei førestilling, så har vi satt av 50 eksemplarer. Prisen er kr. 750.- og inkluderer heile fire førestillingar. Utanom det så har vi tre billettkategoriar: Voksen kr. 525.- Barn ( 5 - 15 år) kr. 100.- og Ungdom ( 16-20) kr. 350.- Barn 0-4 er gratis. Ledsager har gratis inngong ved framvising av ledsagerbevis og at den som vert ledsaga har kjøpt billett. Også denne gongen vil det vere gratis buss frå Ytterland (Valderøya) til og frå spelplassen inkludert i billetten. Meir informasjon kjem etterkvart.

Praktisk info

Enjoy-kode: 594146
Type
Scene
Passer for
Ungdom, Eldre, Voksne, Barn
Kilde
Tikkio

Sponsede linker

Tilgjengelige billetter

Torsdag
20/06 2024 kl 18:00
Giske Amfi Giske skule 5956
I samarbeid med Tikkio