star
star
star
star
star

Gausvik - Grønrimb

Skildring av tur Frå Gausvik går turen først på umerka traktorveg ca. 2 km. Du går vidare på skogsti. Seinare er terrenget meir ope og litt myrlendt, og etterkvart er det fin utsikt over fjorden....

Praktisk info

Enjoy-kode: 855915
Følg vegen sørover frå Jondal sentrum. Etter ca. 5,5 km kjem du til ei rundkøyring. Ta første veg til høgre i rundkøyringa, og køyr 13,1 km til Gausvik. Her er det infotavle og turskilt mot Grønrimb på venstre sida av vegen. Har du bil, parkerer du på andre sida av hovudvegen, ved avkjørsle til eit sagbruk. (Du må ikkje hindra tilkomst til drivstofftank som står der). Parkering på eige ansvar.
Type
Turer
Passer for
Barn, Eldre, Ungdom, Voksne
Varighet
5 timer
Lengde
4.4 km
Vanskelighetsgrad
Middels
Sesong
Vår, Sommer, Høst
Kilde
Nasjonal Turbase/UT.no

Sponsede linker

Omtaler

Turbeskrivelse

Skildring av tur

Frå Gausvik går turen først på umerka traktorveg ca. 2 km. Du går vidare på skogsti. Seinare er terrenget meir ope og litt myrlendt, og etterkvart er det fin utsikt over fjorden. På høgste punktet på turen kjem du til eit stikryss. Her er det skilta Grønrimb og Hammaren. Du går møt Grønrimb og etter kort tid er du på stølen Grønrimb. Frå Grønrimb er det fire andre ruter ned att til hovudvegen. Det er også umerka sti austover mot Daurmålsdalen.

Råd for turen

  • Ta med mat, drikke og vindtette klede.
  • Du bør ha fjellstøvlar, men har det vore tørt ei stund kan du også bruke joggesko
  • Mobildekning er ikkje god på heile turen.
  • Vi anbefaler kart og kompass, ev. GPS.
  • Det er bandtvang 1. april – 20. august.
  • Det er forbode med open eld i skog og mark 15. april - 15. september.
  • Til fots kan du ferdast fritt i utmark, men ver varsam og ta omsyn til dyr og fuglar, og til naturen elles. Ikkje kast søppel.