Garborgdagar 2023: Trette menn-marsjen

Vandring i Garborgs rike frå Snorestad til Sælandskogen. Oppmøte Bryne busstasjon.
Foto: Inger Undheim
29.jan
-
kl 10:00

Detaljer

Namnet speler på Arne Garborg sin roman Trette menn frå 1891. Boka tek føre seg vandring på mange plan, i bygater og vandring i tankar og kjensler. Trette menn-marsjen speler på tittelen i konkret forstand: me går oss gjerne trøytte.

På bussturen til frå Bryne til Snorestad står Garborgsenteret for litterært påfyll. Marsjen startar der Arne Garborg var gjetar i barneåra sine på Snorestad. Turen går i fantastisk flott jærlandskap til Lauvlia, via husmannsplassen Skogen til Bjødnalia og ned gjennom den vakre Urdådalen i Sælandskogen. Turtraseen vert tilpassa vêret. Vert det glatt føre, går me ei alternativ rute.

Årets Trette Menn-marsj er om lag 10 km. Me går hovudsakleg i lettgått terreng, men ein bør vera god i å "fota seg”. Basert på lengd og stigning er turen klassifisert som “middels” i vanskegrad. Merk at terrenget kan vera blautt eller glatt. Gode fjellsko krevst, og klede etter vêret. Alle pausar vert haldne utandørs. Ta med varme klede, sitjeunderlag og niste.

Praktisk info

Enjoy-kode: 791524
Busstransport t/r Bryne er inkludert i prisen. Maks 45 deltakarar. NB! Det er ikkje mogleg å parkera private bilar på Snorestad. Turen varer om lag 5 timar inkl. bussreise. Arrangør: Jarle Skjæveland i samarbeid med Garborgdagar.
Type
Festivaler
Passer for
Voksne, Eldre, Ungdom
Kilde
Enjoy

Henter ..