Garborgdagar 2023: "Min Garborg" med Edvard Hoem

Under Garborgdagar vert forfattarar og markante personar invitert til å halda foredrag om deira forhold til Garborg. I 2023 held forfattar Edvard Hoem foredraget.
Foto: Paal Audestad
Denne aktiviteten er allerede gjennomført eller markert som utgått.
28.jan
2023
kl 13:00

Detaljer

Under Garborgdagar vert forfattarar og markante personar invitert til å halda foredrag om deira forhold til Garborg. I 2023 held forfattar Edvard Hoem foredraget.

Edvard Hoem debuterte i 1969 og har sidan vore svært produktiv som romanforfattar, dramatikar, salmediktar og Shakespeare-gjendiktar. For Kjærleikens ferjereiser (1974), Prøvetid (1984), Ave Eva (1987) og Mors og fars historie (2005) vart han innstilt til Nordisk Råds litteraturpris. For Mors og fars historie mottok han Melsomprisen og Petter Dass-prisen, og han vart òg innstilt til Kritikerprisen. Frå 2009-2013 gav Hoem ut biografien om Bjørnstjerne Bjørnson i fire band. I 2011 vart Hoem tildelt statsstipend og i 2013 fekk han Språkprisen. I 2014 gav Hoem ut Slåttekar i himmelen, første band i den bestseljande romanserien om slekta frå Romsdal. Dei fem bøkene, Slåttekar i himmelen (2014), Bror din på prærien (2015), Land ingen har sett (2016), Liv andre har levd (2017) og Jordmor på jorda (2018) har eit opplag på over 400.000. Sjette bok, Felemakaren, kom ut hausten 2020.

I 2019 vart Edvard Hoem tildelt Brages heiderspris, og i 2020 vart han utnevnt til Kommandør av St. Olavs Orden for sin framragande innsats for norsk litteratur og kulturarv.

Praktisk info

Enjoy-kode: 404560
Om arrangementet vert utselt, vil det riggast til kameraoverføring utanfor storsalen. Til dette tilbys ein redysert foajebillett til kr. 100 som de kan kjøpa i resepsjonen i forkant av arrangementet. Garborgsenteret ligg like ved Bryne stasjon og har lett tilgang frå buss og tog. I tillegg er det parkeringshus vegg-i-vegg.
Type
Festivaler
Passer for
Voksne, Eldre
Kilde
Enjoy

Henter ..