Garborgdagar 2023: Jærkrim / KJÆRE GUD

Bokprat og filmvising med Ivar Aase.
Foto: Stine Haugland
Denne aktiviteten er allerede gjennomført eller markert som utgått.
28.jan
-
kl 16:00

Detaljer

Ivar Aase (f. 1991) er ein filmregissør og forfattar frå Orre. I 2016 debuterte han med krimromanen Jernspøkelset og lanserte samstundes omgrepet “jærkrim” i lag med forretningspartnar Jan Inge Wiig. I 2022 kom oppfølgaren Steinansiktet. Dette året fekk han også pris for regien på musikkvideoen “Kjære Gud”, ein 11 minutt lang musikal med tre songar av General Forsamling.

Det blir snakk om både bok og film, og me får sjansen til å sjå den prislønte musikkvideoen med Aase som manusforfattar og regissør, med Brigt Skrettingland i hovudrolla.

Samtaleleiar er Ørjan Zazzera Johansen.

Arrangementet finn stad på Mellombels ølstove.

Praktisk info

Enjoy-kode: 419876
Garborgsenteret ligg i Bryne sentrum med kort avstand til buss og tog. Det er parkeringshus vegg-i-vegg med senteret.
Type
Festivaler
Passer for
Voksne, Eldre
Kilde
Enjoy

Henter ..

Kart