Aktuelle alternativer
Detaljer
Arne Garborg har skrive både om og for fantefolket, dokumentarisk og skjønnlitterært. Det er alltid ein positiv undertone i desse tekstane, som kan vera både smilande, snedige og såre. Mykje av stoffet om fantane var sjølvopplevd, og fanteguten frå nabobygda er ein gjennomgangsfigur, litterært så vel som i det verkelege livet til diktaren.
Sigbjørn Reime er ein populær foredragshaldar og vil fortelja kor, korleis og kvifor fantane fanst i livet til diktarmannen frå Garborg. Han er tidlegare kulturformidlar i Time kommune og har språkmodernisert Arne Garborg sine jærbøker.
Foredraget blir halde i høve av at romanen "Fred" fyller 130 år i 2022.
Programleiar er Inger Undheim.
Arr. Garborgdagar
Praktisk info
Enjoy-kode: 896206
Arrangement i Storsalen, 2. etasje.
Parkeringshus vegg-i-vegg med Garborgsenteret/Time bibliotek.
Type
Festivaler
Passer for
Voksne, Eldre
Kilde
Enjoy