star
star
star
star
star

Gangdal - Grønrimb

Skildring av tur I Gangdal, gå gardsvegen opp i tunet. Rett ovanfor husa er det skilta, og stien følgjer dalen heilt opp til stølen Grønrimb. Først gjennom granskog, så litt furu- og bjørkeskog,...

Praktisk info

Enjoy-kode: 379607
Følg vegen sørover frå Jondal sentrum. Etter ca. 5,5 km kjem du til ei rundkøyring. Ta første veg til høgre i rundkøyringa, og køyr 5,6 km til Gangdal. Her er det infotavle og turskilt mot Grønrimb på venstre side av vegen. Har du bil, finn ein plass langs hovudvegen. Parkering på eige ansvar.
Type
Turer
Passer for
Eldre, Voksne, Barn, Ungdom
Varighet
3 timer
Lengde
2.5 km
Vanskelighetsgrad
Middels
Sesong
Vår, Sommer, Høst
Kilde
Nasjonal Turbase/UT.no

Sponsede linker

Omtaler

Turbeskrivelse

Skildring av tur

I Gangdal, gå gardsvegen opp i tunet. Rett ovanfor husa er det skilta, og stien følgjer dalen heilt opp til stølen Grønrimb. Først gjennom granskog, så litt furu- og bjørkeskog, før du etterkvart kjem over skoggrensa. God sti, men nokre våte og glatte parti langs bekken. Frå Grønrimb er det fire andre ruter ned att til hovudvegen. Det er også umerka sti austover mot Daurmålsdalen.

Råd for turen

  • Ta med mat, drikke og vindtette klede.
  • Du bør ha fjellstøvlar, men har det vore tørt ei stund kan du også bruke joggesko.
  • Mobildekning er ikkje god på heile turen. Vi anbefaler kart og kompass, ev. GPS.
  • Det er bandtvang 1. april – 20. august.
  • Det er forbode med open eld i skog og mark 15. april - 15. september.
  • Til fots kan du ferdast fritt i utmark, men ver varsam og ta omsyn til dyr og fuglar, og til naturen elles. Ikkje kast søppel.