Gabba // laurdag

Viddeblues med Gabba! Gabbaer joikemeister John André Eira, og hans eminente band. Debutalbumet deira kom ut i fjor og vart omtala som eit av årets friskaste. Sjølv seierGabbadei er sjamanane og...
Denne aktiviteten er allerede gjennomført eller markert som utgått.
08.jul
2023
kl 13:30

Detaljer

Viddeblues med Gabba! Gabbaer joikemeister John André Eira, og hans eminente band. Debutalbumet deira kom ut i fjor og vart omtala som eit av årets friskaste. Sjølv seierGabbadei er sjamanane og motmedisinen for alle som har mista kontakt med røtene sine. Oppskrifta er nettopp blandinga mellom tradisjonsmusikk, blues, meisterleg joik og mystikk

I dette møtet mellom tradisjonell joik, røffe gitarriff og intrikate basslinjer, smeltar urkraft saman med moderne musikk til ein suggererande viddeblues. Den er suggererande og atmosfærisk og det er lett å sjå for seg store vidder og vill natur. Slektskapen til slentrande afrikansk ørkenblues er også tydeleg.

John André Eira gav ut si første plate i 2014, med solo joik. I 2017 vann han Sami Grand Prix i joikedelen. Gjennom pandemi-åra har Gabba vore produktive og lisensiert og komponert musikk for media. Det mest spesielle sideprosjektet var truleg samarbeidet på HBO-serienUtmarksom førte til singelenHorágallis. I tillegg har bandet var med på det kanadisk-norske prosjektetNordic Bridges.

John André Eira – joik

Marius Trøan Hansen – trommer

Espen Bakke – bass

Christoffer Mietle Furuheim – gitar

Dørene opnar kl. 13.00.

Velkomne!

Praktisk info

Enjoy-kode: 952657
Type
Festivaler
Passer for
Eldre, Barn, Voksne, Ungdom
Kilde
TicketCo

Sponsede linker