Aktuelle alternativer
Praktisk info
Sponsede linker
Askeladden navnelapper - rask levering!
Get Inspired - alt i trening og fritid
Magasinet - frilufteksperten siden 1991
Detaljer
«Eg liker meg best ute, på fjell, ved fjord. Der kan eg kvile, og jubelen få stige, men eg blir redd også, eg skjelv. Kvifor er det sånn?»
Dette spør forfattar Sigri Sandberg seg sjølv om stadig vekk, og torsdag 4. oktober skal ho snakke høgt om det óg. Sigri har skrive om natur og menneske i mange år, i både reportasjar og bøker. I dette spesialskrivne festivalføredraget trekk ho inn fleire av bøkene sine, som Treboka, Frykt og jubel i Jotunheimen, Mørke og Ro.
Arrangementet er ein del av Litteratursymposiet i Odda 2023 med tema MAGISK.
Heile programmet finn du på littsymp.no.
FESTIVALPASS
Du kan kjøpe festivalpass til Litteratursymposiet:
MAGISK FESTIVALPASS
Eller dagspass:
DAGSPASS TORSDAG
DAGSPASS FREDAG
DAGSPASS LAURDAG
Pass gjev deg fri tilgang til alle arrangementa på symposiet, så lenge det er plass. Vil du vere garantert plass, må du hente ut plassreservasjon på dei enkelte arrangementa (gratis).