Praktisk info
Sponsede linker
Norli - alt i bøker og rekvisita
Detaljer
✨ Frukostseminaret 28. august er fullteikna – tusen takk for den store interessa! 🙌 Neste frukostseminar i Nynorskhuset kjem i slutten av november 🗓️ Følg med så du ikkje går glipp av det! Velkomen til frukostseminar! Start dagen med fersk kaffi, gode samtalar og aktuelle tema. Vi får besøk av bloggar og influensar Sophie Elise Isachsen til ei samtale om hennar førehald til språk og makt, før det blir panelsamtale med dei fire stortingskandidatane Stig Even Lillestøl, Alice Vie, Elias Eide og Emma Berge Ness frå Sogn og Fjordane om framtida for nynorsk og demokratiet vårt. Dørene opnar 08:30 og programmet startar 08:45. Det vil bli servert enkel frukost og kaffi. Arrangementet er gratis, men grunna avgrensa med plassar må du hente ut billett. Bli med på ein morgon full av inspirasjon, innsikt og engasjement!