Frå ungdomen

Sjølvsagt er vi sinte, seier Gaute Eiterjord i boka Klimaopprøret. Den tidlegare leiaren av Natur og Ungdom er sterkt engasjert i klima- og miljøkampen. I boka fortel han om kvifor han var med å...
Denne aktiviteten er allerede gjennomført eller markert som utgått.
13.Feb
2021
1:45pm

Detaljer

Sjølvsagt er vi sinte, seier Gaute Eiterjord i boka Klimaopprøret. Den tidlegare leiaren av Natur og Ungdom er sterkt engasjert i klima- og miljøkampen. I boka fortel han om kvifor han var med å arrangere skulestreikar og om korleis det er å vitne mot staten i Klimasøksmålet. Eiterjord etterlyser solidaritet frå den vaksne generasjonen.

Gaute Eiterjord blei på vegner av Natur og Ungdom tildelt Fritt Ord sin pris i 2019. I dette føredraget vil han snakke om det som driv han, og om kva han meiner står på spel. Han gir òg konkrete tips til korleis ein handterer ein klimafornektar.

Praktisk info

Enjoy-kode: 149824
Type
Festivaler
Passer for
Eldre, Voksne, Ungdom, Barn
Kilde
TicketCo

Sponsede linker