star
star
star
star
star

Frå sentrum til toppen av Borgafjellet

Denne turen startar like ved Os kyrkje, langs Oselva. Frå sentrum opp mot Hjelle går du på asfalt langs etter Oselva. Dersom du går her i laksefiskesesongen, vil du sjå mange som prøver fiskelukka....
Foto: Roar Haugsgjerd

Praktisk info

Enjoy-kode: 179024
Det er fleire parkeringsalternativ i Os sentrum. Hugs parkeringsskive på oppmerka plassar! Parkeringsskive får du på rådhuset. Du kan òg skrive kva tid du parkerte på ein lapp, og legge denne synleg i frontruta.
Type
Turer
Passer for
Barn
Varighet
30 minutter
Lengde
2.7 km
Vanskelighetsgrad
Middels
Sesong
Vår, Sommer, Høst
Kilde
Nasjonal Turbase/UT.no

Sponsede linker

Omtaler

Turbeskrivelse

Denne turen startar like ved Os kyrkje, langs Oselva. Frå sentrum opp mot Hjelle går du på asfalt langs etter Oselva. Dersom du går her i laksefiskesesongen, vil du sjå mange som prøver fiskelukka. Dei første 700-800 metrane frå sentrum er flate og lette å gå, men det stig ein god del vidare opp til Hjelle. Når du er komen opp til Hjelle, går du gjennom grinda og følgjer skiltinga til toppen.

Dei første 250 metrane av turen går i bratt beitemark. Du må hugse å late att grinda når du begynner å gå. Dersom det har regna, vil det vera blautt og sleipt i starten på turen. Når du har forsert det brattaste terrenget, går du over på jamnare stigning med natur prega av blandingsskog, stein og jordbotn. Sjølv om turen er ganske bratt, er han ikkje verre enn at han passar for både store og små. Frå toppen er det flott utsikt over Os, mot Tysnes, Fusa, Fitjar, Tøsdalsfjellet, Linken og Byfjella i Bergen.