FRÅ HAVET//FRÅ MENNESKE - et søppelspel frå havet

Med søppel frå strandryddeaksjonen på Eika/Eiksund i mars lagar lydkunstnarane Hans Robert Bondhus og Robert Løkketangen (Thermistor) eit improvisasjonsverk som set lys på menneske, miljøkrise og...
26.mai
-
kl 12:00

Detaljer

Med søppel frå strandryddeaksjonen på Eika/Eiksund i mars lagar lydkunstnarane Hans Robert Bondhus og Robert Løkketangen (Thermistor) eit improvisasjonsverk som set lys på menneske, miljøkrise og teknologioptimisme. Søpla er omgjort til instrument mellom anna ved hjelp av kontaktmikrofonar, som tek opp lyden inne i søpla. Omfanget av stykket er direkte kopla til det dei finn i fjøra, og lyden blir samklang av ryddeaksjon, barneleik og klimasynder gjort av ein annan generasjon. Konserten og ryddeaksjonen skal arrangerast i samarbeid med Runde miljøsenter. Konserten passar for heile familien og det er også mogleg å oppleve andre ting på Runde miljøsenter denne dagen og på øya generelt: Kaféen og utstillinga er opne frå 10:00 – 18:00. Det er mogleg å kjøpe lunsj eller middagsrettar, kaffi/kake og softis for den som ynskjer. Det er mogleg å melde seg på fylgjande aktivitetar denne dagen: Omvising på senteret, start klokka 15:00 Lundesafari med naturrettleiar (inkludert middag og omvising) ,start 17:00 Oversikt over turar og påmelding ligg her: https://www.opplevrunde.no/opplevingar For borna er det mogleg å gå på ei lita skattejakt, og det er spennande aktivitetar inne knytte til Rundeskatten. Miljøsenteret har også utlån av små håvar og vasskikkert.

Praktisk info

Enjoy-kode: 140460
Type
Konserter
Passer for
Voksne, Barn, Eldre, Ungdom
Kilde
Tikkio

Sponsede linker

Tilgjengelige billetter

Søndag
26/05 2024 kl 12:00
Runde Miljøsenter Niva Runde Rundavegen
I samarbeid med Tikkio

Psst, husk å handle trening- og fritidsklær på Get Inspired

Alle kjente merkevarer. Alltid på lager. Lynrask levering. Alltid kampanjer.