star
star
star
star
star

Frå Dyrkornvatnet via Varden til Stordal

Dette er ein fin og tilgjengelig tur over fjellryggar som ikkje inneber at ein må gå mange og bratte høgdemeter oppover. Turen begynner ved Dyrkornvatnet. Ta grusvegen opp til høgre og følg ei rås opp...

Praktisk info

Enjoy-kode: 247317
Køyr til Dyrkorn og ta av frå hovudvegen og køyr oppover Dyrkornbygda. I krysset ved den gamle skulen skal ein ta til høgre og etter ei lita stund skiftar vegunderlaget til grus. For å køyre opp på sætrane må ein betale ei lita avgift i ei postkasse som står langs vegen.

Det er sannsynligvis nødvendig å ha to bilar tilgjengelig for å gjennomføre denne turen, slik at ein kan hente bilen sin på Dyrkornsætra etterpå. Eventuelt så kan ein bli skyssa opp.
Type
Turer
Passer for
Voksen, Barn, Senior
Varighet
4 timer
Lengde
5.1 km
Vanskelighetsgrad
filters.difficulty.options.middels
Sesong
Vår, Sommer, Høst
Kilde
Nasjonal Turbase/UT.no

Sponsede linker

Omtaler

Turbeskrivelse

Dette er ein fin og tilgjengelig tur over fjellryggar som ikkje inneber at ein må gå mange og bratte høgdemeter oppover.

Turen begynner ved Dyrkornvatnet. Ta grusvegen opp til høgre og følg ei rås opp bak den øverste hytta. Først kjem du opp på Vikahornet, før du begynner å følge ryggen oppover i retning Varden. Akkurat på dette første partiet kan det vere litt vanskelig å finne råsa, men etterkvart så vil ein uansett vere over tregrensa, og då er det lett å følgje ryggen oppover og å finne igjen råsa som går her.

Oppe på Varden får ein ei flott utsikt ned i Stordal og både innover og utover Storfjorden. Her i frå begynner nedstigninga mot Nakken. Det er ei rås å følgje nedover, og ho går ein god del mot høgre før ho svingar inn igjen til venstre nesten heilt nede på Nakken.

Frå Nakken og ned er den relativt bratte råsa lett å finne. I granskogen får ein velge om ein vil gå ned i Vinjehjellane eller Hovslia.