star
star
star
star
star

Fottur Totlandsskogen Mosterhamn Bømlo

: Totlandskogen er å rekna som den siste urørte skog og utmark på Moster. Området ligg i idylliske omgivnadar langs Bømlafjorden i aust og sør, Børøyfjorden i vest og garden Totland i nord. Løypa...

Praktisk info

Enjoy-kode: 365152
Turstien startar og sluttar ved velteplass for tømmer ved Totlandstjørna. For båtturistar er det mogleg å komme inn på løypa frå Totlandsvika og ved Sætravika på Trøytarosen, eller frå Barmen på Tjørnanespollen (m/liten båt).
Type
Turer
Passer for
Voksen, Senior
Varighet
5 timer
Lengde
10.8 km
Vanskelighetsgrad
filters.difficulty.options.middels
Sesong
Vår, Sommer, Høst, Vinter
Kilde
Nasjonal Turbase/UT.no

Sponsede linker

Omtaler

Turbeskrivelse

: Totlandskogen er å rekna som den siste urørte skog og utmark på Moster. Området ligg i idylliske omgivnadar langs Bømlafjorden i aust og sør, Børøyfjorden i vest og garden Totland i nord. Løypa består av i alt fire delløyper. Dei fører deg langs fjord og svaberg inn til to innelukka pollar, Trøytarosen og Tjørnanespollen. Ynskjer du å nyta den finaste utsikten i løypa, kan du søkja inn i skogen og opp til løypa sitt høgaste punkt, Varhaugen. Herifrå kan du sjå kvinnheradsfjella i aust via sveiolandet til Sletta i sør (havstykke utanfor Haugesund). Mot vest ser du Børøy, Straumøy og Barane, og Langevåg lengst sør. Børøyfjorden er noko for seg sjølv, med sine mange holmar og pollar. Siggjo (Bømlo sitt høgaste fjell) er som eit bakteppe mot nord. Løypa fører deg gjennom eit skiftande landskap frå ope terreng mellom røsslyng og brake på fjellgrunn, til små myrar i lun og tett skog på godt oppgådde stiar. Totlandsskogen byr også på fleire idylliske vikar, med badeplassar både i salt- og ferskvatn. Langs løypa finn du gode fiskeplassar frå land. Du kan og samla spennande ”rekved” som havet har skylt i land. I store delar av løypa kan du fylgja med all båt trafikken i skipsleia mellom Bergen og Stavanger.

The Totland forest is recognized as the last untouched forest and moorland on Moster. The area is located in beautiful surroundings, with the Bømla fjord in the southeast, the Børøy fjord in the west and The Totland farm to the north. The walks consist of four divided paths which lead you along the fjords and outcrops, towards two hidden coves, "Trøytarosen" and "Tjørnanespollen". If you want to get the most out of the view. You can go through the forest and work your way to the highest point of the trail, "Varhaugen". From there you can see the mountains of Kvinnherad to the east, and look all over "Sveio" towards Sletta in south (the sea area outside Haugesund). To the west you can see the islands "Børøy", "Straumøy" and "Barane" with "Langevåg" to the south. The Børøy fjord is a tale of its own, with it's many small islands, bays and ponds. "Siggjo", the highest mountain on Bømlo, makes a perfect backdrop in the north. The tracks lead you through a changing scenery. From open landscape between Heather and Juniper on mountain ground, to small marshes in warm tight forest, all on well-trodden paths. The Totland forest invites you to experience many beautiful bays, with bathing places in both fresh- and seawater. Along the track there is a number of good fishing spots from the shore. You can also collect sea shells and mussels, and find exotic driftwood thrown onshore by the waves. In most parts of the track you can stop up and watch all the ships sailing between Bergen and Stavanger.