star
star
star
star
star

Fossestien i Balestrand

Den 21 km lange Fossestien går fra Gaularfjellet i Balestrand kommune til Viksdalen i Gaular kommune. Stien følgjer dalføret som heiter Eldalsdalen. Som vandrar her følgjer du gamle stiar,...

Praktisk info

Enjoy-kode: 678067
Fra Balestrand følg riksveg 55 til Dragsviki, og riksveg 13 vidare til Hov.
Type
Turer
Passer for
Eldre, Voksne, Barn
Varighet
60 timer
Lengde
13.1 km
Vanskelighetsgrad
Enkel
Sesong
Sommer, Høst
Kilde
Nasjonal Turbase/UT.no

Sponsede linker

Omtaler

Turbeskrivelse

Den 21 km lange Fossestien går fra Gaularfjellet i Balestrand kommune til Viksdalen i Gaular kommune. Stien følgjer dalføret som heiter Eldalsdalen. Som vandrar her følgjer du gamle stiar, stølsvegar og driftevegar. Her er tilrettelagd med bruer og klopper og lagt ut trebrett eller heller over myrlendt mark. Fossestien er lett å følgje, godt merka og rydda. Det er merka tilkomst med parkering på 4 stader: Eldal, Likholefossen, Longestølen og Torsnesstølen. Det høver for alle aldrar, turisttempo er 2 km i timen. Dei fleste bør nok rekne med 2 dagar om dei vil gå heile strekninga. Om sommaren går det dagleg transportservice frå Hov Hyttegrend kl 10.00. Då kan du parkere bilen der og verte køyrd ut til ein stad på Fossestien og gå tilbake (5, 8, eller 13 km).

Dei fleste har lyst å gå nedover, og frå parkeringa ved Torsnesstølen fylgjer du først ein vegstubb ned til brua, så langs tydeleg stølsveg, med flott panoramautsikt over dalføret. Ved skilt før sjølve Torsnesstølen tek du av nedover mot Longestølen, og stien her er samanfallande med den gamle driftevegen. Det var her driftekarane frå heile Fjordane gjekk med kyraflokkane sine. På vegen nedover dalen passerer du 14 fossar (dei fleste ser du frå stien), 4 stølsgrender og 5 vatn. Det kan vere artig å fiske litt på turen. I alle vatna er det rikeleg med kjø (aure). I sjølve elva er nok den nedre delen den beste.

I bakkane ned frå Holmevatnet til Byttevatnet brusar det godt frå fossar og stryk. Ved Longestølen ligg einaste stølen der det framleis er aktiv stølsdrift. 80 geiter kjem til tuns om kvelden for mjølking. Her er også mykje sauer og ein del kyr på sommarbeite. Alle desse dyra er vegetarianarar, og skal ikkje ha mat frå tursekken eller lomma di. Og hugs: Hundar må haldast i band heile tida.

For kvar strekning du, endrar vegetasjonen seg. Over Myraåsen og langs Myravatnet merkar du korleis furua tek over meir og meir, og lauvskogen er ikkje lenger dominerande. Og på bakken er det lyng, skogsbær, blomster og sopp. Hjorten likar seg også her, og ørn og ramn sviv i det blå. VED LIKHOLEFOSSEN finn du den flotte brua og parkeringsplassen som Nasjonal Turistveg har bygd. Mange vel denne staden for turar både oppover og vidare nedover dalen.