star
star
star
star
star

Fossane (Myklebuståsen) frå Harpefossen

Denne enkle turen går frå Harpefossen til Fossane som ligg rett i overkant av Nordfjordeid sentrum. På denne turen får ein mellom anna oppleve idylliske setremiljø, frodige dalar og...

Praktisk info

Enjoy-kode: 158414
Reise med bil: Frå Oslo/Trondheim: Riksveg 15 frå Nordfjordeid mot Måløy. På Haugen (7 km vest for Nordfjordeid), følgjer ein skilt mot Hjelmelandsdalen. Frå Bergen/Ålesund føl ein E 39 til Nordfjordeid, deretter RV 15 mot Måløy til Haugen, ta av mot Hjelmelandsdalen.
Parkering: Stor parkeringsplass ved Harpefossen Skisenter.
Reise med kollektiv: Fra Oslo/Bergen/Trondheim: Norway Bussekspress til Nordfjordeid, deretter taxi eller privatbil til Harpefossen. Evt. tog til Otta fra Trondheim eller Oslo, og videre med Nordfjordekspressen (buss) til Nordfjordeid.
Type
Turer
Passer for
Barn, Voksne
Varighet
2 timer
Lengde
5.2 km
Vanskelighetsgrad
Middels
Sesong
Sommer, Høst
Kilde
Nasjonal Turbase/UT.no

Sponsede linker

Omtaler

Turbeskrivelse

Denne enkle turen går frå Harpefossen til Fossane som ligg rett i overkant av Nordfjordeid sentrum. På denne turen får ein mellom anna oppleve idylliske setremiljø, frodige dalar og høgfjellsterreng.

Harpefossen / Tippabrua – Tippasetra – Nakkesetra – Resenden – Heia – Botnareset – Tippaskaret – Mosehogen – Fossevatnet (– Vårsetra – Myklebuståsen – Eid sentrum)

Frå parkeringsplassen ved Tippabrua på Harpefossen (Varmestova) går turen på grusveg 1,0 km til Nakkestra. Her tek ein av rett sør opp til toppen av setra og vidare oppover på tydeleg sti 1,4 km til Heia. Her tek ein av sørover på utydeleg sti relativt flatt 1,0 km innover dalen til Botnareset kor ein kjem inn på ein tydeligare sti som fører 0,7 km opp til Tippaskaret. I den frodige Tippadalen beiter både storefe og sauer, og på seinsommaren finn ein mykje blåbær innover dalen langs den merka løypa.

Frå Tippaskaret fortsett ein rett fram til stikrysset Mosehogen (0,5 km) kor ein tek til venstre ned mot Fossevatnet (0,7 km). Stien passerar vatnet på vestesida og fortsett til demninga kor merkinga endar. Men herifrå er det enkelt å fylgje skogbilvegen ned til toppen av Myklebusåsen (3,5 km), evt. Prestemarka (3,7 km) (ta evt. til høgre i stikryss på Vårsetra). På veg ned passerar ein Fossesetra og Vårsetra. Frå Tippadalen og ned forbi Fossane er det god utsikt til store delar av Eidsdalen.

Turen passer for alle som er i nogenlunde god form.