Forteljekunstakademiet

For deg som ynskjer utvikle evna si til forteljing både munnleg og skriftleg. 21.-23.juni inviterer vi til forteljekunstakademi med blant anna samtalar, kurs, konsertar og føredrag på...
Denne aktiviteten er allerede gjennomført eller markert som utgått.
21.jun
2023
kl 12:30

Praktisk info

Enjoy-kode: 858691
Type
Læring
Passer for
Eldre, Voksne, Ungdom
Kilde
TicketCo

Sponsede linker

Detaljer

For deg som ynskjer utvikle evna si til forteljing både munnleg og skriftleg. 21.-23.juni inviterer vi til forteljekunstakademi med blant anna samtalar, kurs, konsertar og føredrag på programmet.

Akademiet finn stad i Klokkargarden, staden der diktar og forteljar Jakob Sande vaks opp, og som er hovudsetet for senter for forteljekunst. Og på Steia gard, der Nikka Vonen dreiv skule for jenter mellom 1871-1907, eit kulturmiljø av nasjonal betydning.

Program

Dag 1 onsdag 21.juni

12.30: Opning av akademiet ved Nikka Vonens minnestøtte ved Alfred Bjørlo

Musikkinnslag ved Shwan Wahed og Waheed Warasta

13.00: Alt godt som enno ventar på Steia gard

Lytting ved forteljekunstnar Jeaninne Masika Harrysson og Shwan Wahed

13.30: Forteljing og helse

ved psykolog og førsteamanuensis Helge Holgersen

15.00: Forteljingar om gullalderen på Steia gard

Kunsthistorikar Alexander Rauboti og forfattar av biografien om Nikka Vonen, Greta Hekneby fortel, dialog

Kaffi og sveler i tunet

16.00: Kurs i forteljekunst: munnleg forteljing

Parallelle kurs:

Korleis nå ut med di forteljing ved Kjetil Stavenes

Korleis finne og fortelje historiene ved Bjørn Enes

Fri og bunden- korleis jobbe med poetisk tekst ved Idun Losnegård og Rolf Losnegård

18.00: Oppsummering og vandrande råd

To og to går saman for ei vandring over bøen, samtalar om korleis formidle, fortelje og sjå an sitt publikum.

20.30: Konsert med Sigrid Felde

Dag 2 torsdag 22.juni

08.15: Morgontrim ute i Klokkargarden ved instruktør Ingvild Kjøsnes i Samspel

09.00: Ord for dagen

Føresetnader for innovasjon - Kulturmiljøet som arena for mangfald og inkludering

ved professor og leiar for senter for innovasjonsforsking ved Universitetet i Stavanger Marte Cecilie Wilhelmsen Solheim

10.30: Forteljingar som grunnlag for innovasjon.

Kva verdi har forteljekunsten for bedriftshistorier?

Johanne Viken Sandnes

Gunnhild Berge Stang

Johan Einar Bjerkem

Marita Solheim

Ordstyrar: Jan H. Landro

12.00: Kva fortel tinga?

ved arkeolog Hein Bjartmann Bjerck

I boka “Archaeology at Home” gjer Bjerck eit djupdykk i samrøret mellom ting og menneske, og viser at tinga har sitt eige minne, som kan fortelje om denne samhandlinga, sjølv om ting og menneske har skilt lag – slik det gjerne er i arkeologien.

14.00: Forteljekunst og retorikk

Innleiing ved vit.ass i retorikk Charlotte Hidle. Dialog saman med professor i teater Wenche Torrissen og regissør Torkil Sandsund

15.30: Kurs i forteljekunst: skriftleg forteljing

Parallelle kurs:

Essaykurs med Marit Eikemo

Skapande skriving med Janne Karin Støylen

17.00: Natur og handverk

Grindehuset si historie på Vestlandet

formidlingsverkstad ved Ove Losnegård og Alexander Rauboti

Innleiing ved Siri Helle

20.30: Alfred Fidjestøl: Om kreative, skapande miljø

Asker-kretsen var eit kreativt og skapande miljø rundt Hulda og Arne Garborg frå 1897- 1924 som framleis er med å prege nasjonen Noreg. Kva parallellar finst det til krinsen rundt Nikka Vonen?

I Løa i Sande-senteret

22.00: Kveldstonar // konsert med Ole Hamre

Dag 3 Fredag 23.juni

08.15: Morgontrim ute i Klokkargarden ved instruktør Ingvild Kjøsnes i Samspel

09.00: Ord for dagen i Løa i Sande-senteret

Forteljekunst og musikken ved Ole Hamre

  • Kva forteljingar får du når du spør folk kva dei har i staden for kva dei manglar? Kva er ulikskapen på den musikken du lagar og den musikken du finn, og korleis syng lause fuglar? Dette og mykje anna skal vi gruble over saman med Ole Hamre. Bakteppet og resonanskassen er prosjekta han har jobba med gjennom livet.

10.00: Den opne heimen og romma for forteljingane

Eit innblikk i Klokkargarden, Steia Gard og Lillingstonheimen

Ved prosjektleiar Lys i gamle hus Bianca Wessel, kunsthistorikar Alexander A. Rauboti og tunvert Margrete Reisæter

Samtalen vert leia av språkprofessor Gunnstein Akselberg

Samtalen vert i Klokkargarden

12.30: Forteljekunst og livsmestring ved Elisabeth Løes

13.40: Det vi går forbi - små ting som kan gje store forteljingar

Staden fortel. Forteljingar og visjonar om Steia Gard

ved Tove Elise Ihler

Dialog

15.00: Vegen vidare

Akademi for kulturmiljøforvaltarar og musea

Akademi for akademia og skule

Akademi for næringsliv og andre samfunnsaktørar

Akademi for utøvande

Akademi for dei som elskar

Ved språkprofessor Gunnstein Akselberg, Eli Bjørhusdal, Tove Elise Ihler, Lavleen Kaur, Ingeborg Tysnes

18.30: Rømmegraut og jonsokfeiring i Klokkargarden

20.00: Konsert med Line Dybedal i Løa

21.00: Bål og jonsokfeiring

Akademiet er støtta av Bergesenstiftelsen og Riksantikvaren

Meld deg på heile eller delar av akademiet ved å enten tinge billett til einskildprogram via Ticketco eller ta kontakt med Sande-senteret på epost: forteljesenteret@jakobsande.no eller tlf. 97650966.

Billetten inkluderer alle arrangement under akademiet.

Måltid kjem utanom.

Kart