Forteljarførestilling om det første norske emigrantfølgje

«Med Restauration gjennom Hell Gate til Det Lova Landet» - Ei forteljarførestilling om det første norske emigrantfølgje som forlét Noreg 4. Juli 1825. Denne torsdag tar forteljar Anne Elisebeth...
Denne aktiviteten er allerede gjennomført eller markert som utgått.

Aktuelle alternativer

22.apr
2021
kl 19:00

Praktisk info

Enjoy-kode: 144017
Type
Læring
Passer for
Eldre, Voksne, Ungdom
Kilde
TicketCo

Sponsede linker

Detaljer

«Med Restauration gjennom Hell Gate til Det Lova Landet»

  • Ei forteljarførestilling om det første norske emigrantfølgje som forlét Noreg 4. Juli 1825.

Denne torsdag tar forteljar Anne Elisebeth Skogen tilhøyrarane tilbake til sommaren 1825.

Ved Bispebrygga i Stavanger låg seglskuta Restauration fortøyd. Om bord på dekk sto eit fylgje på over femti menneske, barn, ungdomar og vaksne. Dei var reiseklare, klare til å forlata landet sitt og vinka eit siste farvel til slekt og vener. Og dei skulle langt, over sjølve Atlanterhavet til Amerika.

Kven var desse menneska, kvifor reiste dei, korleis blei overfarten og kva skjedde vidare då dei nådde New York? Svara får du på forteljarførestillinga på Hardanger fartøyvernsenter den 22. april kl. 19.00!

Anne Elisebeth Skogen jobbar som frilans forteljar gjennom einmannsføretaket www.forteljarkokeriet.no. Ho har hatt fleire turnear for Den Kulturelle Skulesekken i Rogaland, og Hordaland, delteke på festivalar og turnert i sju statar i USA.

Arrangementet vert gjennomført i tråd med gjeldande retningslinjer for smittevern.

Open kafé og museumsbutikk

Velkomen!

Kart