Forfatterbesøk: Thor Magnus Tangerås

Me elskar den urørte naturen, og likevel øydelegg me han. Me treng han til å driva intensivt jord- og skogbruk, til bygging av vegar og hyttefelt - og til vindkraft. Me kallar det...
Denne aktiviteten er allerede gjennomført eller markert som utgått.
29.apr
-
kl 19:00

Detaljer

Me elskar den urørte naturen, og likevel øydelegg me han. Me treng han til å driva intensivt jord- og skogbruk, til bygging av vegar og hyttefelt - og til vindkraft. Me kallar det «arealregulering». Og sjølv om me prøver å snu utviklinga, vert landskapet forvandla. Villmark vert til illmark, og artar døyr. Me kallar det «eit grønt skifte». Korkje reinsdyr, bekkar, fuglar eller planter kan setta seg opp mot inngrepa og overgrepa. Kan me protestera mot oss sjølve? Eller må me berre sørga i sympati med andre skapningar?

Dette er dikt om framandlekamar i jordkroppen. Om landskap med vindturbinar. Om sprenging i fjell og punktering av myrar. Om det tragiske forholdet menneska har til naturen. Er det protestdikt eller elegiar? Er dikta lyriske eller satiriske? Kan poesien både ta bladet frå munnen og fly av garde på ørnevenger? Tangerås gjev ord til dei stemmelause, og tek språket attende frå dei som omskriv sanninga.

Thor Magnus Tangerås (f. 1972) kjem frå Haugalandet. Han er førsteamanuensis ved Westerdals institutt for kreativitet, forteljing og design ved Høyskolen Kristiania. Tangerås forskar på korleis litteraturen kan forandra oss, og har mellom anna gitt ut boka Literature and Transformation. A Narrative Study of Life-Changing Reading Experiences (Anthem Press, 2020). Han debuterte med diktsamlinga Ø i 2022. Landskap med vindturbinar er den andre diktsamlinga hans.

Praktisk info

Enjoy-kode: 282819
Type
Scene
Passer for
Voksne, Ungdom, Barn, Eldre
Kilde
TicketCo

Sponsede linker