Forfattarsamtale med Kyrre Andreassen

Med Kyrre Andreassen og Joakim Randa Berthelsen Med utgivingar som novelledebutenDet er her du har venna dine(1997) og romananeBarringer(1999),Svendsens Catering(2006) ogForøvrig mener jeg at...
04.sept
-
kl 19:00

Praktisk info

Enjoy-kode: 362423
Passer for
Eldre, Voksne, Ungdom, Barn
Kilde
TicketCo

Sponsede linker

Tilgjengelige billetter

I samarbeid med TicketCo

Detaljer

Med Kyrre Andreassen og Joakim Randa Berthelsen

Med utgivingar som novelledebutenDet er her du har venna dine(1997) og romananeBarringer(1999),Svendsens Catering(2006) ogForøvrig mener jeg at Karthago bør ødelegges(2016) har Kyrre Andreassen utvist eit eige blikk for menneskets sjelelege og sosiale irrgangar. Romankarakterane til Andreassen er ofte menn som i utgangspunktet ikkje har hatt så tydeleg plass i skjønnlitteraturen; dei er litt mistilpassa, lett aggressive og framstår som ein slags samtidas einkvan – på armlengds avstand frå den øvre middelklassen.

Andreassen er i haust aktuell med romanenIkke mennesker jeg kan regne med, no med ei kvinne som hovudperson. Linda Hansen er tobarnsmor og tilsett i kommunen. Ein dag, etter tjue års samliv, kjem mannen heim, stiller seg opp framfor mikrobølgeovnen og seier at han ikkje lenger har kjensler for ho. Møt forfattaren i ein samtale om kjærleik og bygda, stoltheit over ein integrert garasje, om livsløgn og behovet for hemn. Samtala blir leia av forfattar og kritikar i Bergens TidendeJoakim RandaBerthelsen.

130/60,– (stud./honnør)

Kart

Norli - alt i bøker og rekvisita

Norli har tusenvis av bøker på lager, i tillegg til rekvisita, skolesaker, skolebøker og andre fagbøker.