FØRDEKONFERANSEN 2023: Draumar vi ber på

DRAUMAR VI BER PÅ FØRDEKONFERANSEN 6. JULI 2023 På Førdekonferansen i år set vi søkjelyset på kva eller kven som avgjer om draumar innan kunst og kultur blir oppfylte eller ikkje. Det vil handle...
06.jul
-
kl 09:30

Praktisk info

Enjoy-kode: 654286
Type
Læring
Passer for
Ungdom, Voksne, Eldre
Kilde
TicketCo

Sponsede linker

Tilgjengelige billetter

I samarbeid med TicketCo

Detaljer

DRAUMAR VI BER PÅ FØRDEKONFERANSEN 6. JULI 2023

På Førdekonferansen i år set vi søkjelyset på kva eller kven som avgjer om draumar innan kunst og kultur blir oppfylte eller ikkje. Det vil handle om makt og pengar, kvalitet og kvantitet, strukturar og ordningar, offentleg og privat - og ja, kanskje til og med flaks og uflaks, eller kjennskap og venskap? Sagt på ein annan måte: Kven får sjansen til å oppfylle draumane sine og kven får ikkje? Og kvifor?

Innleiarane på konferansen er norske og internasjonale representantar frå politikken, akademia, media, Kulturrådet og private sponsorar og stiftingar, i tillegg til dei vi – for å setje det på spissen – her kan kalle drøymarane, altså kunstinstitusjonar og kunstnarar.

Konferansen vert leia av tidlegare kulturkommentator i NRK, Agnes Moxnes.

Informasjon om innleiarar og program kjem fortløpande.

Førdekonferansen vert arrangert av Førdefestivalen i samarbeid med Vestland fylkeskommune, Høgskulen på Vestlandet,Sunnfjord kommune og Tekstallianse. Konferansen er støtta av Kulturrådet.

Påmelding av bedrift med ønskje om faktura? Send epost til: billettar@fordefestival.no