FØRDEKONFERANSEN 2021: MANGFALD I UTAKT

Det er eit uttalt mål at mangfald skal vere ei synleg og sterk kraft i utvikling av kunst- og kulturlivet. Meininga er at alle skal delta, og at menneske med ulik kompetanse og ulik bakgrunn,...
Denne aktiviteten er allerede gjennomført eller markert som utgått.
08.jul
2021
kl 09:30

Praktisk info

Enjoy-kode: 457531
Type
Læring
Passer for
Eldre, Ungdom, Voksne
Kilde
TicketCo

Sponsede linker

Detaljer

Det er eit uttalt mål at mangfald skal vere ei synleg og sterk kraft i utvikling av kunst- og kulturlivet. Meininga er at alle skal delta, og at menneske med ulik kompetanse og ulik bakgrunn, etnisitet, kjønn og funksjonsevne skal vere ein naturleg del av all kunst og kultur. Korleis står det i praksis til på dette området i 2021?

Utfordringar med mangfald i kultursektoren er tema for Førdekonferansen i år. Etter mange år med debatt, er det framleis ikkje sjølvsagt at vi finn tilsvarande tal aktørar i kulturområdet som representerer mangfald i etnisitet, seksualitet, kjønn, eller funksjonsevne som i befolkninga elles. Aktørar som er, eller representerer noko ukjent, utfordrande eller provoserande møter særlege hindringar. Enkelte møter haldningar som både er fordomsfulle, trugande og som kan vere direkte farlege. Kva skjer når kunsten ein skapar vert sett på som ein irritasjon eller ein provokasjon?

Vi inviterer først og fremst kulturarbeidaren sjølv til å svare på spørsmåla våre. Vi ber spanande kunstnarar om å dele sine meiningar om og erfaringar rundt med- og motkrefter i storsamfunnet. Kva går vi glipp av når kulturen framleis er særs einsarta? Gjer det oss til eit fattigare folk? På konferansen vil du møte folk som veit korleis kreativitet og kunstnarlege uttrykk vert påverka av å bli sett i bås og snevra inn til å skulle tolkast innafor rammene til identifiserande nemningar som «den homofile forfattaren» eller «den afrikansk-norske poeten». Til konferansen kjem menneske som har sterke stemmer i denne debatten i det offentlege rom – og som modig gjev uttrykk for meiningane sine.Konferansen vert leia av Maria Utsi.

Førdekonferansen vert arrangert av Førdefestivalen i samarbeid med Vestland fylkeskommune, Høgskulen på Vestlandet og Sunnfjord kommune. Konferansen er støtta av Kulturrådet.

Maria Utsi skal leie Førdekonferansen 2021. Ho var tidlegare direktør for Festspillene i Nord-Norge, festivalsjef for Varangerfestivalen og leiar for Norges første kulturnæringshage, Hermetikken. Ho vil sleppe til sterke stemmer som flyttar grenser, folk som går ut av komfortsona og som utfordrar sjangerkonvensjonar i sine kunstnarlege virke.

PROGRAM: kl. 09.30 Registrering og kaffi

kl. 10.00 Velkomen Olve Grotle – ordførar Sunnfjord kommune Arne Osland – styreleiar Førdefestivalen

kl. 10.15 Innleiingsforedrag – Namn og tittel kjem

kl. 10.55 Marte Wilhelmsen Solheim Leiar ved Senter for innovasjonsforsking og førsteamanuensis ved Handelshøgskulen/Universitetet i Stavanger

Tittel: «Mangfald og innovasjon»

Marte Wilhelmsen Solheim hevdar at innovasjon er ein sosial prosess der menneske møtest for å løyse noko, og at der du er omgitt av likskap vil du berre produsere variasjonar av det same.

kl. 11.25 Kaffipause

kl. 11.40 Thomas Michael Walle Sosialantropolog, kjønnsforskar og avdelingsdirektør (Forsking og bevaring) for Musea i Sogn og Fjordane. Walle er også styreleiar i Balansekunst.

Tittel: «Det privilegerte ubehaget»

Thomas Michael Walle presenterer forsking om likestilling, nyare innvandring og kva kulturelt mangfald betyr innanfor kultursektoren. Han hevdar at når utanforskap vert knytt til gruppetilhøyrsle, er det ei utfordring for samfunnet, som krev politiske tiltak og strukturelle endringar.

kl. 12.10 Bjørn Hatterud Kulturskribent, kunstkritikar, kurator og musikar

Tittel: «Mot normalt – Mjøsa, mor og meg»

Bjørn Hatterud vil mellom anna snakke om det å vere ein homo som ikkje passar inn, om funksjonshemmingar og stigmatisert arbeidarklassekultur.

kl. 12.40 Even Torgan og Tine Skjold (produsent og manusforfatter) – Antiteateret

Tittel kjem

Even Torgan og Tine Skjold har som målsetting å aldri lage teater berre for teaterinteresserte. Dei har lukkast i å lage eit teater som unge publikummarar strøymer til.

kl. 13.10 Lunsj

kl. 14.00 Danseensemblet Kartellet

Tone Ingvaldsen og Inge Martin Helgesen kjem frå dansegruppa Kartellet. Å danse staur eller å staure er eit nordnorsk uttrykk for å danse med nokon av same kjønn, menn eller kvinner. Dette var vanleg, mellom anna under Lofotfisket der menn dansa med menn på lik linje med å spele kort, slåst og synge. For første gong har Kartellet også kvinnelege dansarar med i ei framsyning. Vi vil få eit lite innsyn i den inkluderande og danseriske verda deira.

I samtale mellom Maria Utsi og dansarane får vi høyre meir om bakgrunnen for Kartellet si kunstnariske verksemd.

kl. 14.30 Camara Lundestad Joof Scenekunstnar og dramatikar

Tittel: «Å dele ubehaget»

Camara Lundestad Joof skildrar korleis rasismen ho opplever infiserer kvardagen og styrer tankane hennar. Ho hevdar at vi må gjere ubehaget kollektivt, ikkje individuelt, slik at vi kan bere det saman. Vi må ta felles ansvar. Vi treng ikkje meir dårleg samvit, men handlingskraft.

kl. 15.00 Osama Shaheen Grunnleggar og redaktør for det nye, norsk-arabisk tidsskriftet DER. Styremedlem i Tekstalliansen og Regnydagene i Bergen.

Tittel: Flyktningar og diskursen som gjev framtidsfrykt

kl. 15.30 Cliff Moustache Kunstnarleg leiar Nordic Black Theatre. Mottakar av Norsk Kulturråds ærespris 2020.

Tittel: «Vi er blitt mange, og mange er framleis usynlege»

kl. 16.00 Slutt

Utfyllande informasjon og eventuelle endringar finn du på på fordefestival.no.

Kart