star
star
star
star
star

Førde Rådhus - Ryggjabrua - Førde Rådhus

Ein relativ flat, middels sykkeltur utav Førde sentrum og attende. All sykling i sentrum og på trafikkerte vegar krev merksemd i høve til bilar, gåande og andre syklistar. Start t.d. ved Førde...

Praktisk info

Enjoy-kode: 401656
Startstaden ved rådhuset ligg sentralt i sentrum på sørsida av elva Jølstra.
Type
Turer
Passer for
Barn, Eldre, Voksne
Varighet
15 minutter
Lengde
11.7 km
Vanskelighetsgrad
Middels
Sesong
Vår, Sommer, Høst, Vinter
Kilde
Nasjonal Turbase/UT.no

Sponsede linker

Omtaler

Turbeskrivelse

Ein relativ flat, middels sykkeltur utav Førde sentrum og attende. All sykling i sentrum og på trafikkerte vegar krev merksemd i høve til bilar, gåande og andre syklistar. Start t.d. ved Førde Rådhus som stod ferdig i 2013, ta vestover på Hafstadvegen og følg gang-/sykkelvegen forbi Hafstad vidaregåande skule langs E39. Inntil vidare så må E39 kryssast att og fram på fotgjengarovergangar to gonger. Før rundkøyringa ved Sanderplassen (den 2. langs E39), kryss E39 og følg Kronborgvegen nordover. Alternativ rute her kan vere opp og langs gravplassen på Blomreina. Over Kronborg brua og følg Gamle Vievegen fram til Tefrevegen. På venstre hand går då turen forbi det som er største arbeidsplassen i Førde og Sogn og Fjordane, Sentralsjukehuset, som stod ferdig i 1979. Inn på Tefrevegen til høgre like før Prestfossbrua over elva Anga. Etter ein liten bakke opp fører Tefrevegen vidare gjennom jordbruksområdet i nedste delen av Angedalen.

Turen held fram til neste brua over Anga, Ryggjabrua, og her fortset turen ned att Angedalsvegen mot Førde sentrum. Langs nedstedelen av Angedalsvegen kan det vere ein føremun å sykle på det smale fortauet på høgre sida av vegen. Ta omsyn til dei gåande og ver merksam på bilar som skal ut i Angedalsvegen. No kan anten turen syklast heile Angedalsvegen ned til lyskrysset, eller den kan ta inn på Kyrkjevegen og følgje den ned til Langebruvegen, før det avsluttast på fortau over Langebrua attende til rådhuset.