star
star
star
star
star

Førde Rådhus - Grimelandshaugen - Førde Rådhus

Denne turen er ei forlenging av turen Førde Rådhus - Ryggjabrua - Førde Rådhus og er ein relativ flat, middels sykkeltur utav Førde sentrum og attende. All sykling i sentrum og på trafikkerte vegar...

Praktisk info

Enjoy-kode: 607578
Startstaden ved Førde rådhus ligg sentralt i sentrum, på sørsida av elva Jølstra. Gangavstand frå hotell, rutebilstatsjon og det meste anna.
Type
Turer
Passer for
Eldre, Voksne
Varighet
30 minutter
Lengde
20.8 km
Vanskelighetsgrad
Middels
Sesong
Vår, Sommer, Høst, Vinter
Kilde
Nasjonal Turbase/UT.no

Sponsede linker

Omtaler

Turbeskrivelse

Denne turen er ei forlenging av turen Førde Rådhus - Ryggjabrua - Førde Rådhus og er ein relativ flat, middels sykkeltur utav Førde sentrum og attende. All sykling i sentrum og på trafikkerte vegar krev merksemd i høve til bilar, gåande og andre syklistar. Start t.d. ved Førde Rådhus som stod ferdig i 2013, ta vestover på Hafstadvegen og følg gang-/sykkelvegen forbi Hafstad vidaregåande skule langs E39. Inntil vidare så må E39 kryssast att og fram på fotgjengarovergangar 2 gonger. Før rundkøyringa ved Sanderplassen (den 2. langs E39), kryss E39 og følg Kronborgvegen nordover. Alternativ rute her kan vere opp og langs gravplassen på Blomreina. Over Kronborg brua og følg Gamle Vieveg fram til Tefrevegen. På venstre hand går då turen forbi det som er største arbeidsplassen i Førde og Sogn og Fjordane, Sentralsjukehuset, som stod ferdig i 1979. Inn på Tefrevegen til høgre like før Prestfoss brua over elva Anga. Etter ein liten bakke opp fører Tefrevegen vidare gjennom jordbruksområdet i nedste delen av Angedalen.

Rett før ein kjem til Ryggjabrua held turen fram til høgre på same sida i dalen, lengre innover i Angedalen. Opptil Grimeland vil det vere ein liten utfordring i form av ein bakke opp til Grimeland. Oppe her går det nedatt forbi den tidlegare Angedalen skule, over elva Anga og attende på Angedalsvegen som då er vegen ned att til Førde sentrum. Ved Ramstad passerast eit større industribygg som tidlegare var ein fabrikk der det vart produsert kartong og esker, mellom anna esker til ferdigpizza.

Langs nedstedelen av Angedalsvegen kan det vere ein føremun å sykle på det smale fortauet på høgre sida av vege. Ta omsyn til dei gåande og ver merksam på bilar som skal ut i Angedalsvegen. No kan anten turen syklast heile Angedalsvegen ned eller den kan ta inn på Kyrkjevegen og følgje den ned til Langebruvegen, før det avsluttast på fortau over Langebrua attende til rådhuset.