star
star
star
star
star

Flott utsikt i vilt og alpint fjellandskap

Hodlekve er gjerne mest kjent for flotte skiløyper og spenstig skogskøyring i området rundt skiheisen. Men like flott er dei mange skitur-måla ein finn i det urørde fjellområdet mellom...

Praktisk info

Enjoy-kode: 703651
Bil til Hodlekve, som ligger ved Dalavatnet i Sogndalsdalen.
Type
Turer
Passer for
Voksne
Varighet
3 timer
Lengde
4.3 km
Vanskelighetsgrad
Middels
Sesong
Vår
Kilde
Nasjonal Turbase/UT.no

Sponsede linker

Omtaler

Turbeskrivelse

Hodlekve er gjerne mest kjent for flotte skiløyper og spenstig skogskøyring i området rundt skiheisen. Men like flott er dei mange skitur-måla ein finn i det urørde fjellområdet mellom Fjærlandsfjorden i vest og Veistastrond i aust. Blåfjellet er kanskje ein av dei lettast tilgjengelege toppane i Sogndalsdalen.

Den tradisjonelle ruta til topps går frå SIL-hytta vestover mot Stedjekammen og Rødekors-kassen. Etter nokre lette kliv opp og vest kjem ein til Stilledalen. Austvendt og i le for vestavêret som legg att «metervis» med snø i området. Frå Stilledalen ventar ei litt hard kneik nokre høgdemeter mot nordvest. Roleg trasking kan løne seg opp lia. Etter kvart får ein flott utsikt over fjella i Indre Sogn. I aust ser ein tindane i Hurrungane, medan Bleia kjem til syne på sørsida av Sognefjorden. Vidare opp i nordleg retning siktar ein seg inn til høgre for eit lite søkk. Dei siste 150 høgdemetrane mot toppen går over ei slakk flate mot ein litt bratt stigning siste delen. Sjølv om vinden kan pakke snøen godt i denne høgda, er det oftast laussnø og fine forhold for nedfarten.

Vel eine å gå frå toppen av Hodlekveheisen er det vanlegvis trakka spor til Vardafjellet på om lag 1000 høgdemeter. Treng ein påfyll av mat og drikke, er det fint i skråninga under Vardafjellet. Opp mot Kambafjellet går ein først beint mot toppen, før ein svingar lett mot venstre. Vidare mot skaret som skil Kambafjellet og Blåfjellet. No gjenstår berre 200 lette høgdemeter vestover mot toppen.

Blåfjellet med sine 1397 moh. ligg i sørenden av eit vilt og alpint fjellområde i og rundt Sogndalsdalen. Lenger vest finn ein kjende turmål som Synnevaskjer og Voggebreen, eller «Breen» som ein sogndøl vil kalla han. Her er det mest alltid gode snøtilhøve frå tidleg vinter ofte til langt ut i juni. Kanskje får ein den aller flottaste utsikta frå nettopp Blåfjellet. Vest- Jotunheimen med sine tindar, Falketind, Fresvikbreen og Sognefjorden er i sikte.

Nedfarten er slakk og fin ned mot Stilledalen og Rysete. Er det gode snøtilhøve kan ein ta seg ned mot Kambafjellet for så å la det stå til ned ryggen mot Stedjekammen.