star
star
star
star
star

Flott rundtur frå Stølsvatnet med spektakulær utsikt øve Ikjefjorden

Turen startar ved skilt som er ca 100 mfør parkering ved demning på stølsvatnet. vi følge god sti nesten ned til Myrestølsvatnet. Rett før vi er går ned siste bakken tek vi av innover til høgre...
Foto: Geir Johannessen

Bilder

Praktisk info

Enjoy-kode: 834004
Bil på E39 til Matre i Masfjorden. Der tek ein av og følge skilt mot Ortnevik, Bjordal, Stordal på Stordalsvegen. Etter ca 15,5 km kjem ein til vegkryss der ein kan ta av på Bjørn West vegen til Stordalen fjellstove. Ein fortset rett fram etter Stordalsvegen og tek inn på grusa anleggsveg til venstre ca 1 km etter dette krysset. Ein kjører til endes der det er mogleg å parkere ved demningen eller andre stadar langs vegen. Vegen er pr september 2017 godt kjørbar.
Type
Turer
Passer for
Ungdom, Eldre, Voksne, Barn
Varighet
4 timer
Lengde
13 km
Vanskelighetsgrad
Middels
Sesong
Vår, Sommer, Høst
Kilde
Nasjonal Turbase/UT.no

Sponsede linker

Omtaler

Turbeskrivelse

Turen startar ved skilt som er ca 100 mfør parkering ved demning på stølsvatnet. vi følge god sti nesten ned til Myrestølsvatnet. Rett før vi er går ned siste bakken tek vi av innover til høgre (mot nord) på ryggen som stig innover mot Tverrgavlen. Det er ikkje skikkeleg sti her, men stort sett finn ein gode sauatråkk å følge innover ryggen. Vel framme på Tverrgavlen har ein framifrå utsikt ut øve Ikjefjorden, men viss ein ynskjer å koma endå tettar på tek ein turen ut ytst på Middagsfjellet. Då fortset ein utover på høgre side av Tverrfjellet og ser snart ryggen som bære ner og ut på Middagsfjellet med framifrå utsikt rett ner på fjord og bygde.

Når ein skal opp att på Tverrgavlen kan ein følga stig som går på ei hylle skrått oppøve att på vestreside av Ryggen ut mot Middagsfjellet. Her er det luftig og ynskjer du ikkje det kan du gå løypa du kom ner. Vel oppe att føl ein framsida av Tverggavlen rundt (dårleg med sti), og ser etterkvart ner på Holedalsvatnet. Ein tek seg lett ner til nordenden av vatnet og ser då rett opp ryggen ein skal følge opp på Grønlifjellet. Det kan vera litt vanskeleg å finna sti nett når ein startar opp på ryggen mot Grønlifjellet, men straks ein er oppå den finn ein godt tråkk å følgje opp til topps.

Få toppen av Grønlifjellet føl ein ryggen vidare vestover før ein svingar seg ner mot vestre enden av Myrestølsvatnet. Rett etter demningen er det flott og luftig utsikt mot Vassdalsvatnet.

Ein forstset på sti langs vestsida av vatnet og er straks ved Myrestølana som ligg vakkert til.

Stien fortset rundt på sørsida av vatnet før den stig opp øve og møter stigen der vi tok av på ryggen mot Tverrgavlen. So er det same stien tilbake til Stølsvatnet