star
star
star
star
star

Flordalen - Jamnesåta

Tur som gjev mykje panoramautsikt på relativt kort tid, og som kan kombinerast med rundtur om Tjørnhaugen eller Grånipa. Stien startar i øvre Flordalen, i siste skarpe sving, like ved...
Foto: Linda Lien

Bilder

Praktisk info

Enjoy-kode: 416082
Øvre Flordalen, Vaksdal. Parkering ved den gamle barnehagen på Jamne.
Type
Turer
Passer for
Barn
Varighet
30 minutter
Lengde
2.1 km
Vanskelighetsgrad
Middels
Sesong
Vår, Sommer, Høst
Kilde
Nasjonal Turbase/UT.no

Sponsede linker

Omtaler

Turbeskrivelse

Tur som gjev mykje panoramautsikt på relativt kort tid, og som kan kombinerast med rundtur om Tjørnhaugen eller Grånipa. Stien startar i øvre Flordalen, i siste skarpe sving, like ved vegnummerskilt med innskrifta "101-107" (ovanfor den tidlegare barnehagen på Jamne). Gå gjennom grind, følg stien. Du passerer ein liten bålplass, og deretter eit skogholt med benk og fuglekasse. Ver obs på at stien litt seinare deler seg, du skal rett fram mot Jamnesåta, og ikkje følgje raud pil til høgre mot Furuhaugen. Stien vidare er lett synleg og merka med raude punkt på tre og steinar. Frå Kåresteinen er det flott utsikt over fjord, fjell og bygd, og resten av turen går langs fjellryggen med fleire fine utkikksparti. Turen ender ved varden på toppen av Jamnesåta, men du kan velgja å gå vidare over Bjørnefjellet mot Tjørnhaugen og koma ned att i Grova.