star
star
star
star
star

Flordalen - Allsætra via Furuhaugen

Tur som går gjennom trolske granholt og har utkikkspunkt mot bygda Vaksdal. Stien startar i øvre Flordalen, i siste skarpe sving, like ved vegnummerskilt med innskrifta "101-107" (ovanfor den...
Foto: Linda Lien

Bilder

Praktisk info

Enjoy-kode: 760361
Øvre Flordalen, Vaksdal. Parkering ved den gamle barnehagen på Jamne.
Type
Turer
Passer for
Barn
Varighet
1 time
Lengde
1.8 km
Vanskelighetsgrad
Enkel
Sesong
Vår, Sommer, Høst
Kilde
Nasjonal Turbase/UT.no

Sponsede linker

Omtaler

Turbeskrivelse

Tur som går gjennom trolske granholt og har utkikkspunkt mot bygda Vaksdal. Stien startar i øvre Flordalen, i siste skarpe sving, like ved vegnummerskilt med innskrifta "101-107" (ovanfor den tidlegare barnehagen på Jamne). Gå gjennom grind, følg stien. Du passerer ein liten bålplass, og deretter eit skogholt med benk og fuglekasse. Ver obs på at stien litt seinare deler seg, du skal ikkje mot Jamnesåta, men følgje raud pil til høgre mot Furuhaugen. Mot Furuhaugen er stien godt synleg og merka med raude punkt på trea. Like etter Furuhaugen går stien eit stykke i nedoverbakke, til han like etter eit granholt møter turvegen frå Jamne til Allsætra. Her kan du velja å gå tilbake til bygda via Jamne eller Tveitane, men stien mot Allsætra fortsett oppover. Frå Allsætra kan du gå vidare til Tjørnhaugen eller tilbake til Vaksdal via den gamle stølsvegen til Grova (sjå feks turen Grova-Dyrdalskaret for kart).