Flamencoverkstad kl 10 med Bellali Austria, 5-10 år

Rett deg opp i ryggen, tramp med føtene, løft armane over hovudet og gjer deg klar for heftig fotarbeid og klaprande kastanjettar. Bellali Austria viser veg ut på dansegolvet – olé! Bellali er ein...
Denne aktiviteten er allerede gjennomført eller markert som utgått.
10.jul
2021
kl 10:00

Praktisk info

Enjoy-kode: 111071
Type
Lek & Lær
Passer for
Barn, Ungdom, Eldre, Voksne
Kilde
TicketCo

Sponsede linker

Detaljer

Rett deg opp i ryggen, tramp med føtene, løft armane over hovudet og gjer deg klar for heftig fotarbeid og klaprande kastanjettar. Bellali Austria viser veg ut på dansegolvet – olé!

Bellali er ein av dei beste flamencoinstruktørane i Norge, og ho lærer deg enkle og elementære flamenco-trinn og -armrørsler. Kanskje blir du like glad i flamencodans som ho er?

Bellali Austria Den meksikanske dansaren, pedagogen og produsenten Bellali Austria har budd i Norge sidan 2012. Ho er utdanna i flamencopedagogikk frå Sevilla, har eit 4-årig kunst- og dansestudium frå Mexico, og har undervist i flamencodans i over 13 år. I 2013 grunnla ho flamencoskulen Espacio flamenco Noruega i Oslo, som flamenco-verkstadar og kurs på alle nivå.

På Førdefestivalen vil du også oppleve Bellali Austria i gruppa RIID, som har konsert fredag. 9. juli.

Alle kursa vert arrangerte i gangavstand til Førdehuset. Detaljar kjem. Les meir om kurs på fordefestival.no

Kart