star
star
star
star
star

Fjelltur i heidane sunnanfyre Ørsdalsvatnet

Um ein er ute etter ei gild ferd med best mogelegt utsyn yver det majestetiske Ørsdalsvatnet med sùme av dei nedlagde strandgardane sine, so fær ein vel helst taka seg turen uppum heidane på...
Foto: Jens Wyludda

Bilder

Praktisk info

Enjoy-kode: 381336
For å koma seg hit lyt ein ved Bjerkreim sentrum taka av E39 mot Lauperak og fylgja vegen næsten heilt til endes der han byrjar ganga bratt ned til sjølve garden. Her tek ein av til høgre mot Skykula og held fram til ein kjem til den store parkeringsplassen. Turen startar på raudmerkt turstig mot Vassbø som høyrer til «Opplev Dalane»-løypa.
Type
Turer
Passer for
Barn
Varighet
30 minutter
Lengde
7.6 km
Vanskelighetsgrad
Middels
Sesong
Vår, Sommer, Høst
Kilde
Nasjonal Turbase/UT.no

Sponsede linker

Omtaler

Turbeskrivelse

Um ein er ute etter ei gild ferd med best mogelegt utsyn yver det majestetiske Ørsdalsvatnet med sùme av dei nedlagde strandgardane sine, so fær ein vel helst taka seg turen uppum heidane på sudaust-sida av den langstrekte innsjøen som ligg innestengd av bratte og uframkjøme fjellsidor på ei høgd av berre 65 meter yver havet.

Høgheid-platået som tøygjer seg langsmed vatnet mìllom Lauperak og Vassbø byd på ei rad fine utsynspunkt og ikkje minst eit terreng som både er vænt og lettgjengt - òg utanfyre den uppmerkte turstigen som gjeng ifrå Skineldvatnet ved Lauperak austetter yver heidi mot Vassbø i Ørsdalen.

Ved Skineldvatnet finst det ein liten «hytteby» og ein parkeringsplass som er utgangspunkt for ymse turar i dette umrådet, t.d. uppum Skykula-fjellet, til Gya via Skinelddalen, eller innyver Navarshei mìllom Gyadalen og Ørdalsvatnet.

For å koma seg hit lyt ein ved Bjerkreim sentrum taka av E39 mot Lauperak og fylgja vegen næsten heilt til endes der han byrjar ganga bratt ned til sjølve garden. Her tek ein av til høgre mot Skykula og held fram til ein kjem til den store parkeringsplassen.

Turen startar på raudmerkt turstig mot Vassbø som høyrer til «Opplev Dalane»-løypa. Fyrst gjeld det å stiga uppyver bakken i nordaustleg leid til ein nærmar seg Bjørnvatnet uppå høgheid-platået. Det er ingen serleg bratt motbakke her, men det gjeng jamt uppyver likevel.

For å få med seg det gjæve og storslegne utsynet yver Ørsdalvatnet, fær ein etter kvart taka av den merkte turstigen og venda vest- nordvestyver mot sjølve vatnet. Det finst rett nog nokre utydelege dyrespor her som kann fylgjast i ein viss mùn, men stort sét gjeld det berre å ferdast i fritt terreng der ein lyt finna seg ei lagleg ruta sjølv.

Den høgste fjellknatten som skal forserast her heiter Skytafjellet (732 m.), og derifrå fer ein radt burtetter mot den bratte (men ikkje stupbratte) kanten der ein då for fyrste gong på denne turen vil kunna skoda yver store lùter av det langstrekte vatnet med mìllom anna garden Dyrskog og Marsteinfjellet på den motsette sida.

Ferdi held fram nord- nordaustetter langsmed kanten. Det er fleire småe fjellknattar her ein kann stiga på for å finna seg nokre gode utsynspunkt. Terrenget hev sermerkt snaudfjellkarakter med både steinut og myrut parti og ei rad småtjørner.

Etter at ein hev gjenge ei stund i same leid, vil ein då umsider nærma seg det vide og bratte skardet der Bjørnåni renn ned og munnar ut i Ørsdalsvatnet nokre hundrad meter lengre nede. Umrådet vestanfyre skardet ber namnet Trælafjellet på kartet, og herifrå fær ein endå ein gong godt utsyn nedyver, so at ein òg skal få auga på den nedlagde garden Klampen på nordsida av vatnet. No er det på tide å venda mot sud innyver fjellplatået att til ein etter kvart når den nordlege odden av Bjørnvatnet der ein òg vil møta på den raudmerkte turstigen som fører ein attende til utgangspunktet – fyrst langsmed vestsida av Bjørnvatnet, og so nedyver att mot Skineldvatnet på same ruta som på turen fram.

Den siste lùten av ferdi byd inn til å taka seg ein svipptur uppum Gaupelemfjellet so framt ein ynskjer seg endå meir utsyn i samband med ein mùnaleg uppyverbakke som i det fall lyt forserast. Det finst nokre dyretrakk her på vestsida av fjellet som kann fylgjast uppetter; elles er det berre å ferdast i fritt terreng utan nokon stig eller merkjing.

Ein kann vel rekna med til saman 4-5 timar gangtid og kvilder um ein vil taka seg heile runden med Gaupelemfjellet inkludert.

NB! Vedlagd gpx-fil er ei normalisert sporuppteikning (utan snarturen uppum Gaupelemfjellet) som kann tena til orientering.