star
star
star
star
star

Fjell vest i Trollheimen

Eg låg attom ein stor stein øvst i Fauskådalen. Seint om kvelden steig fullmånen opp over Skrøådalsfjellet og Karlsvogna sto høgt på nordhimmelen. I grålysinga neste morgon vart eg vekt av ein...

Praktisk info

Enjoy-kode: 888091
Det er lettast å nå desse vestlege fjellområda i Trollheimen frå Vindøldalen. Hit kjem ein ved å ta den bratte vegen opp frå Surnadal. Vegen er stengt ved Pebua, men den går vidare langt inn dalen. Eller ein kan ta seg over frå Trollheimshytta

Overnatting: Det er ikkje overnattingskvarter i dalen, men mange private hytter og setre og mange gode teltplassar. Barn frå 9 – 12 år kan godt vera med på toppturar i området.
Type
Turer
Passer for
Voksne
Lengde
32.1 km
Vanskelighetsgrad
Ekspert
Sesong
Sommer, Høst
Kilde
Nasjonal Turbase/UT.no

Sponsede linker

Omtaler

Turbeskrivelse

Eg låg attom ein stor stein øvst i Fauskådalen. Seint om kvelden steig fullmånen opp over Skrøådalsfjellet og Karlsvogna sto høgt på nordhimmelen. I grålysinga neste morgon vart eg vekt av ein jaktfalk som skreik oppe i hamrane høgt i Skinnfjellberget. Eit vilt og klagande skrik, ei helsing mot ein ny dag i ei tidlaus villmark. Eg vart lys vaken og kom meg ut av soveposen. Det var frost i myrane og lufta var skarp. Eg tende opp eit kaffibål av dei tørre bjørkekvistane eg raska saman i går kveld. Ein fjellrype-stegg skarrar oppe i steinura og nå som sola stig opp over Vassdalskammane, stryk ein mild landvind over fjellet og ber bod om ein fin dag for fjellvandraren. Da minnest eg bygdediktaren sine ord: «Det tonar så ofte ein song i mitt sinn. Han kjem her med måne og synnaversvind.”

Framfor meg ligg Blånebba, 1421 moh., ein av fleire mektige fjelltoppar i dei vestlege delane av Trollheimen. Her er det enno ikkje lagt til rette for turistar. Ingen raudmerka løyper eller stier viser kvar leia går. Ein må finne fram på eiga hand etter kartet eller spørje kjentfolk. Det er mest bygdefolk som går i desse fjella.

BLÅNEBBA. Blånebba har fleire toppar langs ein fjellrygg på 3 - 4 km. Saman med Pekhøtta, 1396 moh., Fruhøtta, 1435 moh., og Rognnebba, 1497 moh., dannar ho eit vilt fjellandskap sør og vest for Vindøldalen. Fjella er forma som skarpe egger med djupe dalar på båe sider. I dalbotnane ligg snøfonner og mørke fjellvatn omkransa av bratte berg og storsteinut ur. Blånebba er av dei fjella som blir oftast besøkt. Mange går opp frå Søyådalen, forbi Storfauskåvatnet og vidare langs fjellryggen mot toppen. Om ein startar frå Vindøldalen, kan ein gå opp langs Fauskåa inst i Vindøldalen. Det er òg mogleg å gå opp frå Eiterdalen, men her er det nokså bratt og vanskeleg å ta seg fram. På toppen av Blånebba ligg det ei rekkje med store vardar, den yttste mot vest ligg heilt ute på ”nebben” som truleg har gitt fjellet namn. Her går bergveggen fleire hundre meter rett ned mot eit isblått fjellvatn. Ein ser bratte fjell på alle kantar, med svarte hamrar og grøne lier ned mot dalane. I nordvest kan ein på ein klår dag sjå Tustnastabbane mot havet, og på hi sida Todalsfjella og toppane i Innerdalen. Både Snota, Neådalssnota og Trollhetta er kjente fjell i synsranda.

PEKHØTTA OG FRUHØTTA. Dersom ein startar tidleg om morgonen, kan ein gå vidare ned eggen sørover frå Blånebba og så klatre opp steinura på andre sida mot toppen av Pekhøtta. Dette er ein av dei ”luftigaste” toppane i Trollheimen, med bratte fjellsider på alle kantar. Nedturen går vidare ned fjellkammen mot søraust til Nordåbotn-skaret. Her går ein gammal ferdselsveg mellom seterdalane Vindøldalen og Romådalen. Leia gjekk inn Eiterdalen, over skaret mellom Fruhøtta og Rognnebba, og så vidare ned til Storbotn og Romådalen. Frå skaret kan ein ta ryggen opp på Fruhøtta. Det er greitt å gå ned i Eiterdalen og vidare heimover til Vindøldalen, eller ein kan gå den gamle leia mot Todalen. Det er mogleg å gå opp over både Blånebba, Pekhøtta og Fruhøtta på ein dag, men det blir ein lang dag.

ROGNNEBBA. Etter turen over Blånebba og Pekhøtta er det fint å overnatte oppe i Nordåbotnskaret om ein har med sovepose. Da kan ein klive til topps på Rognnebba og Fruhøtta dagen etter. Det blir ein ”topptur” det står respekt av. Rognnebba er kanskje den prektigaste toppen heilt vest i Trollheimen. Ho ligg langt unna allfarveg og ikkje mange finn vegen hit opp. Ein kan klive opp til Rognnebba frå Nordåbotnskaret. Det er ein bratt tur opp ura. Ein dagstur til Rognnebba er greiast å ta opp Fagerlidalen og opp fjellryggen frå aust.

Kart: Turkart Trollheimen 1:50 000 Meir om området: Gunnar Bureid, Topper utenfor allfarvei, DNTs årbok 1996, Trollheimen og Turer fra Vindølbu, hefte KNT.

TEKST: NILS RØV