star
star
star
star
star

Fire toppar i tidligare Ormtjernkampen nasjonalpark

Ormtjernkampen nasjonalpark var tidligare Noregs minste nasjonalpark på berre 8,5 kvadratkilometer. Den vart i 2011 innlemma i den nyoppretta Langsua nasjonalpark. Innanfor det som var grensene for...
Foto: Gunn Oddny Olsen

Praktisk info

Enjoy-kode: 761663
Ormtjernkampen ligg like ved fylkesveg 204 i Oppland. Denne vegen går mellom Fagernes i Nord-Aurdal kommune og Forset i Gausdal kommune. Frå Fagernes er det 63,5 km. Frå Forset 21,7 km. Frå fylkesvegen og inn til Ormtjernsetra er det 2,5 km på bomveg. Bommen kosta 45 kr i 2012. Betaling via sms eller giro.
Type
Turer
Passer for
Voksen, Barn, Senior
Varighet
4 timer
Lengde
12.3 km
Vanskelighetsgrad
filters.difficulty.options.enkel
Sesong
Vår, Sommer, Høst
Kilde
Nasjonal Turbase/UT.no

Sponsede linker

Omtaler

Turbeskrivelse

Ormtjernkampen nasjonalpark var tidligare Noregs minste nasjonalpark på berre 8,5 kvadratkilometer. Den vart i 2011 innlemma i den nyoppretta Langsua nasjonalpark.

Innanfor det som var grensene for den gamle parken er det fire distinkte toppar med eige namn i kartverket. Ormtjernkampen 1128, Dokkampen 1122, Glupan 1026 og Snæreskampen 1084.

Frå parkeringa ved Ormtjernsætra går det svært tydeleg og godt opparbeida stig opp til Storeskaret. Det er bygd bru over bekken og gangvegar over dei våtaste partia. Det går og ein bratt stig rett opp til Ormtjernkampen 1122, den startar nokre meter før ein kjem til parkeringa ved Ormtjernsetra.

Etter ein har vore på Ormtjernkampen så kan ein ta ein rundtur over dei andre toppane. Fyrste blir då Dokkampen der ein må legg oppstiginga på vestsida for å unngå dei bratte partia. Det er ei stig som føljer lettaste leia opp men den er lite brukt og nesten umulig å finne før ein kjem opp på snaufjellet. Så her må ein berre ta ut leia sjølv. Frå toppen av Dokkampen følgjer ein det høgste draget over Glupan og fram til Snæreskampen. Frå Snæreskampen kan ein gå i vestleg retning ned til stølsvegen som går til Toftesætera. Her er det viktig å halde godt vest så ein unngår dei brattaste partia ned til vegen. Vel nede på stølsvegen er det berre å følgje den tilbake til Ormtjernsætra.

Omtrentleg distansar: Ormtjernsætra - Ormtjernkampen 2,5 km Ormtjernkampen - Dokkampen 2 km Dokkampen - Glupan 1,5 km Glupan - Snæreskampen 1,5 km Snæreskampen - Ormtjernsætra (via stølsvegen) 4,5 km Ein tur på rundt 12 km. Grovt rekna ca 500 høgdemeter stigning.