Fint Fransk Orkester

Vi satsar friskt og håpar det let seg gjere å gjennomføre konsert i slutten av februar! Set av datoen! Fint Fransk Orkester er det næraste du kjem Montmatre i Paris utan å forlata Noreg. Med stil,...
Denne aktiviteten er allerede gjennomført eller markert som utgått.
26.feb
-
20:00

Detaljer

Vi satsar friskt og håpar det let seg gjere å gjennomføre konsert i slutten av februar! Set av datoen!

Fint Fransk Orkester er det næraste du kjem Montmatre i Paris utan å forlata Noreg. Med stil, eleganse, humor og virtuos speleglede blir du tatt med på ei reise djupt inn i den franske chanson-tradisjonen der du møter ei særeigen verd av originale låtar og fargerike rollefigurar. Med nypolert trombone, nystemt trekkspel og nydeleg song er musikken i hovudsak komponert av bandet sjølv, men med innslag frå franske forgjengarar som Serge Gainsbourg, Edith Piaf og Django Reinhardt. Cabaret og string-swing. Chansons, hjerte og smerte.

Med: EVA BJERGA HAUGEN vokal, tangentar DOMINIQUE BRACKEVA vokal, trombone JOHAN EGDETVEIT trekkspel ANDREAS BARSNES ONARHEIM gitar, vokal THEODOR BARSNES ONARHEIM kontrabass

Praktisk info

Enjoy-kode: 510321
Type
Konserter
Passer for
Ungdom, Voksne
Kilde
TicketCo

Sponsede linker

Psst, husk å handle trening- og fritidsklær på Get Inspired

Alle kjente merkevarer. Alltid på lager. Lynrask levering. Alltid kampanjer.