Festopning i Aurdal kirke

Velkomen til festivalopning i Aurdal kirke og start på 10-årsjubileet! Kunsten har alltid reflektert den tida han er skapt i – enten han har vore tilbakeskodande, samtidig eller framtidsretta....
Denne aktiviteten er allerede gjennomført eller markert som utgått.
22.feb
2023
kl 19:00

Detaljer

Velkomen til festivalopning i Aurdal kirke og start på 10-årsjubileet!

Kunsten har alltid reflektert den tida han er skapt i – enten han har vore tilbakeskodande, samtidig eller framtidsretta. Opningskonserten gir eit godt bilde på dette når han startar med musikk i dag og frå eit land som står midt i ein forsvarskrig – ein krig som like mykje er eit forsvar av nasjonal identitet som av land. Folkemusikken har alltid vore her og blitt tolka av musikarar og songarar som både har skapt tradisjon og vore grensesprengande. Ludvig van Beethoven var grensesprengande framfor nokon. I over 100 store verk står dei 32 sonatane for piano som ei søyle i pianolitteraturen.

«Waldsteinsonaten» er nr 21 i rekka og har tilnamnet sitt etter greve Ferdinand Ernst Gabriel von Waldstein som sonaten var dedisert til. Og så avsluttar ein med håpet som kunsten alltid har vore oppteken av. Oktetten av den 16-årige Felix Mendelssohn boblar over av ungdommeleg vitalitet og genial musisering, og denne musikken gir oss tru på at viss dei unge stemmene slepp til, kan det vere håp for oss alle.

PROGRAM

  • Valentin Silverstrov: «The Messenger» for solo klaver Anna Fedorova

  • Samisk folkemusikk møter tradisjonsmusikk frå Valdres med naturens perkusjonist Terje Isungset Framføring av Marja Mortensson, Ragnhild Hemsing og Terje Isungset

  • Beethoven: Klaversonate op. 53 „Waldstein“ Martin Stadtfeld

  • André Bjerke «Kunstneren» ved Per Christian Ellefsen

  • Mendelssohn: Strykeoktett Eldbjørg Hemsing, Ragnhild Hemsing, Adrien La Marca, Jonathan Roozeman, Goldmund Quartet

Praktisk info

Enjoy-kode: 637051
Type
Festivaler
Passer for
Eldre, Voksne, Ungdom, Barn
Kilde
TicketCo

Sponsede linker