Festidalen 2022

Som følge av Coronapandemien vart dessverre både Festidalen 2020 og 2021 avlyst.Vi gler oss difor storvegs til å invitere til å bli med på "årets vakraste eventyr - Festidalen" 24. og 25. juni...
Denne aktiviteten er allerede gjennomført eller markert som utgått.
24.jun
2022
kl 17:00

Detaljer

Som følge av Coronapandemien vart dessverre både Festidalen 2020 og 2021 avlyst.Vi gler oss difor storvegs til å invitere til å bli med på "årets vakraste eventyr - Festidalen" 24. og 25. juni 2022.

Fleire av artistane som var booka til plakaten i 2020/2021 er allereie bekrefta til Festidalen 2022 - mellom anna har me gleda av å ha Gabrielle på scenen på Dønhaug. Me held på siste helga i juni, og har ellers planar om å dra på med endå meir av alt det gode. Med andre ord, siste helga i juni er det Kvinnherad og Uskedalen som gjeld, framleis plassert midt i sunnhordlandsbassenget. Her får du servert musikk og kortreist mat av internasjonal klasse. I fjor høyrde vi mykje "for eit program!", "har du smakt burgeren?" og "utruleg mykje flotte folk her altså" summe over festivalområdet. Heilt sant, eller #truestory som vi seier på bygda.

Festidalen er open for folk i alle aldrar. Born under 13 år kjem gratis inn. Dei frå 13 til 18 må kjøpe eigen billett og ha følgje med verge.Sjåwww.festidalen.nofor meir informasjon.

Bussbillett er inkludert i passet du kjøper. Enkelt for deg og oss.

Praktisk info

Enjoy-kode: 394218
Type
Festivaler
Passer for
Barn, Eldre, Voksne, Ungdom
Kilde
TicketCo

Sponsede linker