Feriefolk! med Triakel

I denne første konserten har me gleda av å presentera svenske Triakel med Emma Härdelin, Janne Strömstedt og Kjell-Erik Eriksson. Med Emma si stemme i sentrum, støtta av trøorgel og fele, bygg dei...
Denne aktiviteten er allerede gjennomført eller markert som utgått.
25.feb
-
kl 20:00

Detaljer

I denne første konserten har me gleda av å presentera svenske Triakel med Emma Härdelin, Janne Strömstedt og Kjell-Erik Eriksson.

Med Emma si stemme i sentrum, støtta av trøorgel og fele, bygg dei eit vakkert lydbilete rundt balladar, folketonar og salmar. Men dei er heller ikkje redde for å dra til med sangar om kaotiske festar, slåsskampar og postran, eller kanskje ei lita "snuskvisa". Mykje av stoffet er henta frå medlemmane sine heimtrakter i Jämtland og Hälsingland.

Triakel har spelt i over 20 forskjellige land, på alt frå store festivaler til små bygdehus. Og Klepp har dei besøkt tre gonger tidlegere, for eit fullstappa og trampeklappande Friluftshus i 2005, 2012 og 2017.

Klepp Bygdekvinnelag sel lappar og kaffi frå kl. 19.15.

Spørsmål? Kontakt kultur@klepp.kommune.no

Smakebitar av musikken finn du her:

https://www.youtube.com/watch?v=O1FW3xtQs4U

https://youtu.be/USixwUvh9UQ?si=CkSKfEk1vhVX1knH

Praktisk info

Enjoy-kode: 497309
Type
Konserter
Passer for
Voksne, Ungdom
Kilde
TicketCo

Sponsede linker

Psst, husk å handle trening- og fritidsklær på Get Inspired

Alle kjente merkevarer. Alltid på lager. Lynrask levering. Alltid kampanjer.