Fele fordjuping - Strunkeveko

Fele fordjuping med Tron Steffen Westberg Er du klar for å ta felespelet ditt opp til eit nytt nivå? Då er fordjupingskurset på Strunkeveko rette staden å gjera det. Aldersgrensa er fjorten år og...
Denne aktiviteten er allerede gjennomført eller markert som utgått.

Aktuelle alternativer

11.jul
2021
kl 17:00

Detaljer

Fele fordjuping med Tron Steffen Westberg

Er du klar for å ta felespelet ditt opp til eit nytt nivå? Då er fordjupingskurset på Strunkeveko rette staden å gjera det. Aldersgrensa er fjorten år og du lyt ha lang erfaring frå spel på fele for å vera med. Med årets instruktør er det låttelæring og dansespel som står i fokus.

Tron Steffen Westberg er lærar og ein av landets fremste solospelemenn. Han er vinnar av Kongepokal på Landskappleiken og ein sentral tradisjonutøvar frå Røros.Tron Steffen har alltid hatt ein spesiell gjø i fela. Tradisjonelt slåttespel på fele frå Rørosdistriktet – trøkk og intensitetet er Tron sitt kjennemerke.

Søskenmoderasjon: Dersom to eller fleire søsken deltek på kurset får de ein søskenmoderasjon. Moderasjonen er på 500,- og du skriv då inn rabattkoda "Søskenpris" i feltet som sier: "Hvis du har en promo-kode, legg den inn her". NB: rabatten skal bli synleg på prisen førbetalinga er gjennomført.

Covid-19

Strunkeveko, Ministrunken og Mikrostrunken vil bli gjennomført etter gjeldande smittevernreglar og forskrifter.

Du kan ikkje kome på Strunkeveko, Ministrunken og Mikrostrunken om du har, eller nettopp har hatt symptom som sår hals, forkjølelse, lett hoste, muskelsmerte eller hovudverk!

Vi vil gå gjennom smittevernreglane ved oppstart av arrangementet.

Praktisk info

Enjoy-kode: 256743
Type
Scene
Passer for
Voksne, Ungdom, Eldre
Kilde
TicketCo

Sponsede linker