Fagutviklingsseminar for fartøyvernet 2024: Halvmodellar

I løpet av to dagar ved Bergen Sjøfartsmuseum vert det foredrag, diskusjon, praktisk gjenstandsanalyse og lynkurs i fotogrammetri som reiskap for gjenstandsdokumentasjon. Tematikken er relevant for...
27.mai
-
kl 10:00

Praktisk info

Enjoy-kode: 244743
Type
Læring
Passer for
Ungdom, Eldre, Voksne
Kilde
TicketCo

Sponsede linker

Tilgjengelige billetter

I samarbeid med TicketCo

Detaljer

I løpet av to dagar ved Bergen Sjøfartsmuseum vert det foredrag, diskusjon, praktisk gjenstandsanalyse og lynkurs i fotogrammetri som reiskap for gjenstandsdokumentasjon. Tematikken er relevant for alle med fartøyvern og maritim historie som fagfelt – og kanskje særleg for museum med halvmodellar eller konstruksjonsteikningar i samlingane sine.

Førebels program

Mandag

10:00 Kaffi

10:30 Velkommen (Håvard Gjerde og Elisabet Janssen, HFS)

10:45 Halvmodellen, ein introduksjon (Håvard Gjerde, HFS)

11:45 Korleis tolke ein halvmodell med ukjent opphav og hensikt (Morten Hesthammer, HFS)

12:30 Lønsj

13.30 Me studerer eit utval halvmodellar (Gruppearbeid)

14.30 Presentasjon av funn og konklusjonar

15.30 Historikk: Bruk av konstruksjonsmodellar og konstruksjonsteikningar i Noreg (Håvard Gjerde, HFS)

16:30 Frå modell til vetleplan (Morten Hesthammer, HFS)

17:30 Oppsummering av dagen

Tirsdag

09:00 Skrogformer (Håvard Gjerde, HFS)

09:45 Me studerer eit utval halvmodellar (Gruppearbeid)

10:15 Fotogrammetri ved dokumentasjon av halvmodellar og andre gjenstandar (Gunnar Holmstad, NNFA)

11:45 Platemodellar (BDF)

12:30 Lønsj

13.30 Dømer fra digitalt museum (HFS)

14.00 Nasjonal kartlegging og registrering av teikningar og halvmodellar (HFS)

15.00 Oppsummering og vegen vidare

16.00 Vel heim

Pris: 1300,- NOK

Deltakaravgifta gjeld som påmelding og inkluderar lønsj og kaffimat under heile seminaret.

Kart