star
star
star
star
star

Fagraseteggi

Turen startar frå Bjørke. Følg merka sti opp til stølen Sjusete. På Sjusete føl du traktorvegen opp bak dei øverste sela. Deretter føl du den tydelege gamle stien til stølen Syrdal. Frå Syrdal...

Praktisk info

Enjoy-kode: 367363
FV7 ta av til Fykse og vidare til Bjørke på lokalveg.
Type
Turer
Passer for
Voksne
Varighet
6 timer
Lengde
6 km
Vanskelighetsgrad
Krevende
Sesong
Sommer, Høst
Kilde
Nasjonal Turbase/UT.no

Sponsede linker

Omtaler

Turbeskrivelse

Turen startar frå Bjørke. Følg merka sti opp til stølen Sjusete. På Sjusete føl du traktorvegen opp bak dei øverste sela.

Deretter føl du den tydelege gamle stien til stølen Syrdal. Frå Syrdal ser du rett opp på Fagraseteggi. Du går stien som går på skrå opp lia bak sela i Syrdal.

Stien går mot den karakteristiske steinen Fotlågestein. Frå Fotlågestein går du rett opp til du kjem til den øverste «hylla» under Fagraseteggi. Der dreier stien mot venstre og du føl «hylla» bortover til du kan gå på eggi tilbake mot toppen.

Heimatt kan du ta ein annan veg. Når du kjem ned til Fotlågesteinen tek du til venstre over myrane og kjem ned til stølen Stavdal. Frå Stavdal føl du stien opp til Skar og vidare ned til stølen Nyasete.

Frå Nyasete går det traktorveg attende til Bjørke.